Norborg-Gursken 4-1 (3-0)
Norborg gras, 12.06.02
15 sjansar 5
10 hjørnespark 5
1 1
1-0 Geir Ove Grønli (9)
2-0 Geir Ove Grønli (26)
3-0 Geir Ove Grønli (32)
3-1 (49)
4-1 Stein Erik Reitan (66)
Dommar: Christian Caspersen, AaFK -7
Christian Søvik
Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Roger Grytten, Vebjørn Grytten (Jan Even Drønnesund, 78) – Kristian Søviknes (Christian Søvik, 46), Stein Erik Mårstøl (Jan Vatnehol, 46), Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal (Alexander Gamlem, 67) – Kim Idar Krogsethagen (Steffen Grytten, 67), Geir Ove Grønli (Kim Idar Krogsethagen, 81)
Norborg spelte ein god 1. omgang der Geir Ove Grønli var den store helten med sine tre mål. I ein lite minneverdig 2. omgang fekk Gursken ei tidleg redusering. Norborg var i realiteten aldri trua, og Stein Erik Reitan fekk æren av å fastsette resultatet til 4-1 med ei praktfull heading.
Norborg stilte mannsterke til denne kampen. Heile 19 spelarar var med i troppen, og då mangla Morten Kalvø og fjorårets toppskårar Kenneth Gamlem.
Hat-trick på 23 minutt
Etter ei jamn opning utan dei store sjansane får heimelaget corner etter 9 minutt. Krisitan Søviknes tek hjørnesparket, Kenneth Vegsund på fremste stolpe stussa til Geir Ove på bakarste, som får beina ballen i mål i kamp med ein forsvarar.
Første halvdel av omgangen er forholdsvis jamspelt med mange hjørnespark, men etterkvart begynne Norborg si tekniske midtbane å få kontroll. Etter 26 minutt kjem 2-0 målet. Det heile startar med eit langt oppspel frå Kenneth som Geir Ove headar i tverrliggar. Etter litt rot framfor Gursken sitt mål hamnar ballen hos Tarjei Gjerset Urkedal. Han legg fint inn til Geir Ove som ruvar i lufta å headar inn sitt andre mål.
Norborg rullar opp angrep etter angrep, og dei fleste startar på grunn av Stein Erik Mårstøl sin teknikk og overblikk. Like etter at halvtimen var passert får Norborg hjørnespark. I kamp med ein forsvarar får Mårstøl heada til Geir Ove som igjen skårar med hovudet frå om lag 5-6 meter.
I det neste angrepet er Gursken frampå, men Kurt Erik Grytten er raskt nede å reddar skotet frå ca. 15 meter. 5 minutt før pause har Norborg nok ein stor sjanse. Geir Ove får stussa eit langt oppspel til Kristian, men avslutninga hans frå 10 meter går utafor.
Etter ei jamn opning tok Norborg meir og meir over utover omgangen, og vi kunne telje 8-3 i målsjansar til heimelaget. Norborg viste fin variasjon i spelet med både lange ballar på Geir Ove, og fint pasningsspel gjennom midtbana. Hadde innlegga vore meir presise kunne leiinga vore større. Gursken var farlegast på dødball.
Tidleg redusering
Gursken gjeng hardt ut i 2. omgang, og målet let ikkje vente lenge. Etter 4 minutt får Gursken frispark litt innpå Norborg sin banehalvdel. Ballen blir slått mot bakarste stolpe der ein gursking dukkar opp å skårar sikkert. Eit unødvendig mål med tanke på Norborg sine kvalitetar i lufta.
Luftens baron
Gursken fortsett ei lita stund å presse Norborg utan å sette det solide heimeforsvaret på store prøver. I staden er det duka for Kim Idar Krogsethagen show. Kvarteret er gått då Kim vippar ballen over ein motspelar og dunkar til frå over 25 meter, men diverre treff ballen innsida av stolpen og ut. Skotet sat heilt oppe ved krysset og hadde fortent ei betre skjebne. Norborg bit seg fast på Gursken sin halvdel, og får blant anna tre hjørnespark på rad. Etter dryge 20 minutt blir kampen punktert for godt. Tarjei får rom på høgresida, slår eit perfekt innlegg til “luftens baron” Stein Erik Reitan som headar praktfullt i mål frå 13-14 meter.
Norborg gjorde mange bytte både før og i løpet av 2. omgang. Dette førte til at nivået sank nokre hakk. Etter 4-1 målet var det lite som skjedde. Like før slutt får likevel Kim Idar ein siste sjanse til å skåre. Han står på 7 meter og breisida den på direkten, men ein forsvarar kjem til og får blokkert. Dermed enda det med 4-1 til Norborg.
Siger på halv maskin
Norborg spelte ein god første omgang og fekk tre mål. Etter pause vart det meir tafatt, men ein hadde likevel full kontroll på gjestane. Spesielt vart midtbana meir rufsete i 2. omgang, mykje på grunn av at Mårstøl gjekk ut ved pause. Men når Norborg har så mange spelarar er det viktig at alle får prøve seg. Sjølv om spelet ikkje var like bra etter pause skapte ein likevel heile 7 sjansar mot Gursken sine 2. Gursken hadde enkelte gode spelarar, men som lag vart det for dårleg. Spesielt nr. 7 (Anders Vågen?) viste svært gode ballferdigheiter og viste kvifor han har skåra 6 mål hittil i sesongen. Siger på halv maskin for Norborg, og opprykksplassen er innan rekkevidde.
Spelarvurdering
Kurt Erik Grytten: 7
Spelte bak eit solid forsvar og har lite å gjere. I dei situasjonane han griper inn opptrer han sikkert.
Stig Wold: 7
Har få problem på si side. Spring opp det som er, og slår enkle pasningar. Involverar seg lite offensivt.
Kenneth Vegsund: 7
Vinn det som er i lufta, men pasningane sat ikkje like bra. Spelar ofte på små marginar som bakerste mann. Det gjekk nesten gale i 1. omgang.
Roger Grytten: 8
Kapteinen var tilbake på sin vande plass i midtforsvaret. Gjer eit positivt inntrykk med fart og teknikk. Opptrer rutinert og styrer kollegane.
Vebjørn Grytten: 8
Under stødig kommando frå broren gjer Vebjørn ein nesten prikkfri kamp defensivt. Svært gode klareringar. Trekkast for ei slurvete pasning i 2. omgang og litt upresise innlegg når han gjekk fram på bana.
Kristian Søviknes: 6
Var aktiv på venstresida. Fekk mange gode ballar å jobbe med, men innlegga var av dårleg kvalitet. Vart bytta ut ved pause, og fekk ikkje sjansen til å rette opp “innleggskvaliteten”.
Stein Erik Mårstøl: 9
Gjer knapt nok ein feil i den omgangen han spelte. Svært involvert i det oppbyggande spelet. Gode pasningar og teknikk på eit anna nivå. Jobbar også bra defensivt.
Stein Erik Reitan: 8
Spelar nok ein god kamp. Jobbar bra og skårar eitt praktfullt mål med hovudet!
Tarjei Gjerset Urkedal: 7
Tarjei har to målgjevande, men er ujamn i prestasjonane. God defensivt med si harde jobbing, men rotar det ofte til for seg offensivt.
Kim Idar Krogsethagen: 7
Er trygg med ballen og hadde fortent eit mål då han dunka til frå langt hald. Blir litt for stilleståande i dag. Han veit at spissmakker Grønli vinn alt i lufta og burde difor ha gått meir på løp rundt han.
Geir Ove Grønli: 9
Skårar hat-trick i 1. omgang og mål er som alle veit det viktigaste i fotball. Vinn nesten alt i lufta, noko medspelarane burde ha utnytta betre. I 2. omg. blir han meir anonym. Dette fordi Gursken dekka han betre og at midtbana ikkje fungerte like bra. Var likevel nær eit fjerde mål på ein corner.
Christian Søvik: 6
Blir bytta inn for Søviknes. Viser ikkje fram sitt beste. Får dog ikkje like mange ballar å jobbe med som Søviknes. Litt for mange feilpasningar.
Jan Vatnehol: 6
Blir bytta inn for Mårstøl etter pause. Har ikkje samme roa og teknikken som han. Skal belønnast for innsatsen. Greidde ikkje å ta tak i kampen.
Alexander Gamlem:
Treng tydleg kamptrening. Viser at farta er inntakt.
Steffen Grytten:
Kjem seg til ein bra sjanse, men skotet blir blokket. Markerar seg ikkje som sist.
Jan Even Drønnesund:
Kjem inn å gjer ein bra figur på backen. Bør få meir tillit!