Norborg-Blindheim/Emblem 2-1 (1-0)
Norborg gras, 07.08.02
13 (4) sjansar 2 (1)
5 (0) hjørnespark 5 (3)
0 2 (0)
1-0 Geir Ove Grønli (str. 27)
2-0 Eirik York (67)
2-1 Rune Johan Skodje-Olsen (89)
Dommar: Atle J. Hole, VRF -7
Laget: Steffen Grytten – Stig Wold (Vegard Vegsund, 82), Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund – Kristian Søviknes (Alexander Gamlem, 59), Jan Vatnehol (Eirik York, 59), Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal – Kim Idar Krogsethagen (Gustavo, 59), Geir Ove Grønli (Kim Idar Krogsethagen, 82)
Norborg vann fortent 2-1 over Blindheim/Emblem. 1. omgang var jamn i banespel, men heimelaget hadde dei største sjansane. Dermed var 1-0 eit greitt resultat ved pause. I store delar av 2. omgang rundspelte Norborg bortelaget og skapte mange sjansar, men effektiviteten framfor mål var utruleg dårleg. Tre poeng førte Norborg til opprykksplass i divisjonen.
Ny keeper
Norborg stilte med ny keeper til denne kampen. Oransjetrøyene sin faste keeper reiste før på dagen til militæret, derfor måtte midtbanespelar Steffen Grytten ta på seg keeperhanskane. Vebjørn Grytten og Stein Erik Mårstøl var heller ikkje å sjå i Søvikdalen denne finversdagen.
God opning
Kampen er så vidt starta når ein B/E spelar lurer Kenneth Vegsund nede ved kortlinja og legg ei 45 pasning ut i feltet. Heldigvis for Norborg var Morten Kalvø vaken, og klarerte i kjent stil. Norborg svarte umiddelbart. Kim Idar Krogsethagen forserte fram på venstresida og la inn til ein umarkert Geir Ove Grønli som skorte, men dessverre vert målet annullert for offside.
Nær 1-0
Den underhaldande opninga vart følgt opp med mange langpasningar, dårleg spel og ingen sjansar. Norborg si sentrale midtbane greidde ikkje å ta tak i kampen, og fekk dessutan stort sett sjå ballen nokre meter hovudet. Men etter knappe kvarteret greier Norborg å få til eit skikkeleg angrep. Kristian Søviknes legg inn i feltet, Geir Ove kjempar med keeper om ballen slik at den går ut til ein umarkert Tarjei Gjerset Urkedal, men frå knappe 15 meter skyt han over. Dette var ein stor sjanse som burde ha resultert i mål.
Driblefant Tarjei ordna straffe
Dei neste 10 minutta er det lite som skjer igjen. B/E er frampå med eit halvfarleg skot som Steffen har få problem med, mens Kim Idar prøver seg på lekre detaljar og er nær ved å lykkast. Norborg bestemmer seg for å spele litt meir langs bakken etter at halve omgangen er unnagjort, og lykkast med det. Etter 25 minutt er det nettopp Kim Idar som brukar fart og teknikk. Han kjem seg inn i 16-meteren og skyt, men ballen går like utafor krysset. Minuttet etterpå er det gode og aktive Tarjei som viser fram teknikk som aldri tidlegare har blitt vist i Søvikdalen. Han kranglar med seg ballen, og B/E må bruke ulovlege midlar for å stoppe bondesonen ifrå Gjerset. Klar straffe og dommar Atle Hole peiker på krittmerket. Norborg har kanskje divisjonen sin sikraste straffeskyttar i Geir Ove, og han svikta ikkje denne gongen heller. Fortent 1-0 leiing til Norborg.
Norborg nær 2-0
Etter 38 minutt er Norborg nær ved å auke leiinga. Kim Idar vinn ballen og gir den til ein upressa Geir Ove som skyt over frå god posisjon. B/E heng brukbart med i banespelet, men er sjeldan på visitt inni 16-meteren. Eit saksespark som går utanfor frå nr. 16 er det nærmaste gjestane kjem utlikning, og omgangen ebba ut med fortent 1-0 leiing til vertane.
2. omgang
I opningsminutta av 2. omgang greier B/E å bite seg fast på Norborg sin banehalvdel, men utan å skape noko. Norborg får omgangen sin første sjanse etter 5 minutt då Tarjei driblar seg inn i 16-meteren, men keeper får parert skotet. 5 minutt etter er det Stein Erik Reitan som viser fram teknikk og balanse. Han dribla av to mann ved kortlinja la til Geir Ove som heada utafor. Geir Ove hadde skort i 9 av 10 tilfelle på denne sjansen.
Gode bytte
Etter knappe 15 minutt bytte Norborg tre mann. Dette skulle vise seg å vere tre svært gode bytter for Norborg. Eirik York, Gustavo og Alexander Gamlem sette umiddelbart sitt preg på kampen.
Overkjøringa startar
To minutt etter bytta kjem Alexander seg rundt på høgrekanten. Innlegget treff Geir Ove, som igjen heada utafor frå god posisjon. Dagens finaste angrep kjem like etter. “Brassen” Gustavo, Mørejarlen Eirik og bonden Tarjei spelar hovudrolla. Fine kombinasjonar mellom desse fører til eit veldig godt innlegg av Tarjei som Morten berre har å heade i mål, men diverre headar Morten med nasen og keeper reddar. Norborg valsar no over B/E og 2-0 målet lot ikkje vente på seg. Gustavo og Eirik er igjen i hovudrolla. Gustavo har ballen på ca. 10-12 meter frå mål, han lobbar ballen over både forsvar og keeper. På bortaste stolpe kjem Eirik susande og headar ballen i mål frå svært kloss hald. Diskusjonen om kven som skorte starta umiddelbart, og held vel på endå. Eirik var sporty nok til å seie frå seg målet, men vi tvilar på at ballen hadde passert streken då Eirik heada. Difor blir Eirik ståande som målskorar her på norborg.com.
Norborg fortsette å produsere store sjansar. Gustavo, Tarjei og Geir Ove har alle store sjansar innafor ein fem minuttsperiode, men ingen greidde å skore. Like etter ein halvtimes spel av 2. omgang prøver ein B/E spelar å hjelpe Norborg med å skore. Ein corner blir slått hardt inn i feltet og treff ein B/E spelar slik at ballen stryk like over tverrliggaren. Minuttet etter er det Stein Erik som får sjansen etter eit Alexander skot, men heller ikkje han lykkast.
Stolpetreff for Tarjei
I dei siste ti minutta dabba heimelaget litt og let B/E kome litt meir med. Først slår dei eit farleg innlegg som Steffen får tak i. Så sender dei av garde eit skot som Steffen må vippe til corner. Etter hjørnesparket går Norborg direkte i angrep og skaffar seg eit frispark oppe på B/E sin halvdel. Kenneth legg inn, ballen går gjennom heile feltet til Tarjei på bortaste som headar i stanga. Tarjei hadde fortent eit mål etter å ha jobba godt gjennom heile kampen. Like før slutt skulle det igjen bli spenning i kampen.
Unødvendig redusering
Jan Even Drønnesund hadde spelt ein veldig god kamp, men i ein løpsduell kom han ut av balanse å laga frispark borte ved langsida ca. 20 meter ut frå kortlinja. Frisparket til rune Johan Skodje-Olsen gjekk rett i mål. Forsvar og keeper burde ha forhindra dette. Feilen var nok at Steffen prøvde å bokse ballen i staden for å halde den. Ein nyttig lærdom til eit seinare høve. B/E lyfta laget og la press på Norborg i sluttminutta utan at det vart noko farleg.
Norborg tok ein fortent siger, men må nok få opp effektiviteten igjen dersom det skal bli poeng mot Tjørvåg. Etter ein litt kjedelig første halvdel av 1. omgang vart dette ein underhaldande kamp med mange sjansar til heimelaget. På eit etterkvart godt heimelag var det Tarjei som imponerte mest, men både Morten, Jan Even og Stig gjorde eit svært godt inntrykk. Det same gjorde innbyttarane. Spesielt Eirik tok tak i midtbana og løfta spelet. Godt å ha Eirik tilbake i form, og vi får håpe at han tek til fornuft og studera i Ålesund i staden for Trondheim. Neste kamp er heime mot Tjørvåg onsdag 14. august. Møt opp!
Spelarvurdering
Steffen Grytten: 6
Steffen gjorde sin seriedebut som keeper og hadde ein roleg dag. Gjorde eit par redningar på nokre brukbare langskot, men slapp inn eit unødvendig mål. På frisparket B/E skorte på gjorde Steffen eit feilval då han prøvde å bokse ballen i staden for å halde den. Pluss for gode utspel.
Stig Wold: 8
Stig er i form og hadde få problem på si side. Brukar farta si og slår enkle pasningar. Kan bidra meir i det offensive spelet. Synd at dette var hans siste kamp denne sesongen. Iallfall i utgangspunktet.
Kenneth Vegsund: 7
Hadde stort sett kontroll unntatt i kampens 1. minutt. Då vart han lurt og B/E kunne ha fått ein farleg sjanse. Har ein tendens til å slå altfor mange langpasningar. Kan med fordel spele hurtigare langs bakken. Suveren i lufta og har ro i stressa situasjonar.
Morten Kalvø: 8
Morten spelar sikkert og godt. Men han burde ikkje ha dukka å latt ballen gått vidare til Steffen ved reduseringa. Burde også ha skåra.
Jan Even Drønnesund: 8
Jan Even har knapt nok spelt i vårsesongen, men når han først har fått sjansen har han gjort sine saker bra. Hærlege tacklingar, gode pasningar og han har også begynt å vise fram teknikken sin (som berre kameratane veit om?). Blir hardt straffa då han laga frisparket som fører til reduseringa.
Kristian Søviknes: 5
Vi har sett det før. Kristian gjer ein dårleg omgang når han spelar mot det opne landskapet. Vann ikkje ballen så ofte som vanleg og lykkast ikkje med innlegga. Vart dermed bytta ut tidleg i 2. omgang. Kristian brukar som regel å heve seg etter ein dårleg kamp, og vi treng ei god venstreside mot Tjørvåg.
Jan Vatnehol: 5
Mot Skodje nokre dagar før spelte Jan ein god kamp. Mot B/E hørte vi meir enn vi såg av han. Tapte duellar, miste ballen lett og var anonym. Virka sliten.
Stein Erik Reitan: 6
Lenge sidan Stein Erik spelte kamp og var ein skugge av seg sjølv, spesielt i 1. omgang. Kom seg litt i 2. omgang og kunne også ha skåra. Glimtar tidvis til med god balanse og gode driblingar. Spesielt då han kom seg forbi to mann nede ved kortlinja og slo eit perfekt innlegg.
Tarjei Gjerset Urkedal: 9
Tarjei var den som stod for underhaldninga i denne kampen. Jobba godt gjennom heile kampen, vann ballen og miste den svært sjeldan. Hadde fortent seg eit mål i denne kampen. Synd at forma først kom like før han skal i militæret. Send ein søknad om 5 vekers utsettelse.
Kim Idar Krogsethagen: 6
I denne kampen er Kim i stand til å herje vilt, men viste berre i små glimt kapasiteten sin. Har få målsjansar og blir bytta ut tidleg i 2. omgang på grunn av at han står med to gule kort.
Geir Ove Grønli: 6
Geir Ove kom seg til ein heil haug med sjansar, men dette var ikkje dagen han skulle lykkast. Skårar likevel på straffa og fiksar poenga. Vi får håpe at skoringane kjem mot Tjørvåg.
Eirik York: 8
Kjem inn og gjer eit solid inntrykk. Tek umiddelbart kontroll over midtbana med høg innsats, bra teknikk og gode pasningar. Kva Birgit ga Eirik til middag denne dagen veit ikkje vi, men det er iallfall første gongen vi har sett Eirik parkere to motspelarar i ein spurt. Fekk til og med ei skoring. Den bør han takke Gustavo for, og kanskje også seie unnskyld!
Alexander Gamlem: 7
Alex kom inn som eit friskt pust på kanten. Brukte farta si til å kome rundt, slo gode innlegg og prøvde seg til og med på nokre langskot, diverre utan hell. Kan bli ein nøkkelspelar i haust.
Gustavo: 7
Kom også inn og sette sitt preg på kampen. God teknikk og gode pasningar. Kan bli betre i det defensive arbeidet. Var svært nær ved å skore, men Eirik ville det annsleis. Begynne å venne seg meir til norsk fotball og får nok meir speletid og fleire sjansar til å skore sitt første seriemål.
Vegard Vegsund: –
Spelte for lite til å få karakter. Har ikkje spelt så mykje fotball dette året, men kan bli ein nyttig spelar på hausten når halve laget forsvinn, då først og fremst som cover. Glad i ballen og ein offensiv type. Ingen typisk norsk sideback.