Norborg-Austefjord/Volda2 2-0 (1-0)
Norborg gras, 31.08.02
10 sjansar 7
10 hjørnespark 2
1-0 Kim Idar Krogsethagen (7)
2-0 Stein Erik Reitan (58)
Dommar: Øyvind Heggstad, Spjelkavik -10
Laget: Steffen Grytten – Christian Søvik (Geir Ove Grønli, 75), Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Stig Wold (Vegard Vegsund, 88) – Kristian Søviknes (Geir Ove Tennfjord, 85), Jan Vatnehol (Eirik York, 61), Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem – Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli (Vebjørn Grytten, 61)
Norborg spelte ingen god kamp mot Austefjord/V2, men vann likevel 2-0 etter skoringar av Kim Idar og Stein Erik. Dagens helt vart likevel Steffen. Han redda blant anna eit straffespark på stillinga 1-0 i 1. omgang. Med denne sigeren er Norborg fortsatt på opprykksplass.
Tidleg leiing
Norborg opna kampen bra, og etter to minutt får heimelaget hjørnespark. Stein Erik slår ein lav ball og frå fem meters hald får Morten to sjansar, men begge blir redda på streken. Men heimepublikummet skulle ikkje vente lenge på målet. For etter 7 minutt ordna Kim Idar 1-0 leiing. Målet kom etter at eit frispark vart slått inn i feltet av Kenneth Vegsund. AV2 får ikkje avklart og ballen hamnar hos Kim Idar som klinkar ballen i mål frå 8-10 meter.
Etter dette dabbar kampen av. Mange feilpasningar og liten vilje til å trakke til i duellane gir ein lite sjåverdig kamp for det overraskande tallrike publikummet. Spesielt Norborg si midtbane fell vekk og vinn sjeldan 2. ballane.
Steffen på godt og vondt
I det 20. minutt kjem AV2 sin Per Tore Måen igjennom. Steffen rykker ut, kastar seg inn i duellen med beina først og feller Måen. Dommaren gjer ingen feil og markera for straffe. På straffa rettar Steffen opp feilen sin og reddar skotet nede ved stolperota. Glimrande!!
Etter dette vakna heimelaget, og får flytta spelet lengre opp på bana. Både Jan, Alexander, Kim og Grønli kjem seg til brukbare sjansar, men utan resultat. Den største sjansen var det Grønli som hadde 10 minutt før pause. Kristian slo eit godt innlegg, men upressa styrte Grønli ballen utafor med panna.
Norborg spelte ein heller tafatt 1. omgang. Kanskje det var den tidlege leiinga som ga Norborg ei sovepute. Det måtte iallfall ei strafferedning til for å få laget til å produsere sjansar igjen.
Takk til Måen
Norborg startar 2. omgangen best då Kristian får god tid på venstrekanten. Innlegget hans går til Stein Erik som headar over frå god posisjon. Så tek gjestane over. Først reddar Steffen eit skot frå ca. 15 meters hald, så får Måen ein gedigen sjanse til å utlikne då han står heilt aleine på 7 meter, men på mirakuløst vis sette han ballen over. Her hadde Norborg ein god porsjon flaks.
Reitan doblar leiinga
Tre minutt etter AV2 sin gedigne sjanse doblar Stein Erik leiinga for Norborg. Angrepet startar ved at Alexander blir spelt fri på høgresida av Grønli. Alexander stormar mot mål og får avslutta, men keeper avverjar. Ballen hamnar så hos Stein Erik som frå 12 meter skyt i mål via ein Austefjordspelar.
Ved halvspelt omgang får Måen nok ein stor sjanse, men nok ein gong skyt han over frå svært god posisjon. Bortelaget har vært det beste laget i 2. omgang mot eit tafatt heimelag og får til nokre fine angrep, men målet kjem ikkje.
Kontroll det siste kvarteret
I det siste kvarteret løfter Norborg seg igjen. Først er det Stig og Vebjørn som kombinerar fint på høgresida. Vebjørn legg inn til Eirik, som skyt i stolpen og ut. Vebjørn sitt innlegg når Eirik som upressa skyt i stolpen og ut.
Ti minutt før slutt er Eirik på nok eit løp. Kim Idar legg merke til Eirik og spelar han fri, men også denne avslutninga er for dårleg og går over mål. Like etter er det Kim Idar som får sjansen etter forarbeid av Kristian, men avslutninga frå Kim Idar får keeper avverja med beina.
Siger på ein dårleg dag
Norborg vann 2-0 på ein litt dårleg dag. Totalt så skapte nok heimelaget flest sjansar og vann for så vidt fortent. Men Austefjord hadde nokre skikkelege 100% sjansar, og hadde Austefjord sin toppskårar, Måen, hatt ein betre dag kunne det fort ha stått uavgjort. I tillegg brente gjestane ei straffe.
Norborg sleit spesielt på midtbana. AV2 overspelte heimelaget si midtbane, og fekk ofte komme i 5 mot 4 situasjonar. Eit betre lag hadde utnytta dette betre.
Neste kamp for Norborg er borte mot Stranda2 neste laurdag. Då må innsatsviljen vere på plass igjen. Elles kan det bli ein tung haust.
Dommar Øyvind Heggstad var utmerket.
Spelarvurdering:
Steffen Grytten: 8
Blir trekt for å lage straffespark, men så gjer han det heile godt igjen ved å redde den. Elles er det lite å utsette på Steffen. Stort sett sikker i klypene, men ga ein litt unødvendig retur i 1. omgang. Enkelte utspel var ikkje av normal klasse, men hadde óg nokre svært gode, men kva hjalp vel det når Norborg ikkje hadde vilje til å vinne ballen. Banens beste!
Christian Søvik: 6
Får ein sterk seksar i denne kampen. Gjer enkelte feilvalg, men har såpass med fart at få kjem seg forbi.
Kenneth Vegsund: 6
Også Kenneth er nær ein sjuar, men gjer ein del feilvalg i denne kampen. Spesielt i 2. omgang då han prøvde å drible i staden for å sentre. Miste dermed ballen unødvendig. Sterk i lufta, som vanleg.
Morten Kalvø: 7
Er alt i alt den beste i forsvaret, men var ikkje så ruvande og sikker som vanleg. Litt slurvete, miste bl.a. ballen innafor 16m ein gong, noko som førte til ein gedigen sjanse. Men ryddar også ofte opp i kjent stil.
Stig Wold: 6
Spelte i denne kampen på rett side, men det verkar som Stig er meir konsentrert når han spelar på venstre. Litt mange unødvendige feil, men han tek seg inn igjen på farta.
Kristian Søviknes: 7
Har enkelte innlegg som fører til farlege situasjonar, men det blir litt ujamt. Spring mykje og kunne med fordel blitt nytta betre.
Jan Vatnehol: 6
Er ofte plaga med skader, og viser dermed liten vilje til å gå i duellar. Ei våt og tung bane er vel heller ikkje Jan’s yndlingsplass. Har enkelte gode pasningar, men blir korrekt bytta ut.
Stein Erik Reitan: 7
Har sett Stein betre, men gjer det viktigaste, nemleg å skåre mål. Vart ofte springande i mellom.
Alexander Gamlem: 6
Brukar farta si, men innlegga har sjeldan rett adresse. Kjem seg til nokre moglegheiter og står bak 2-0 målet. Litt innleggstrening til veka og ting vil fort sjå annleis ut.
Kim Idar Krogsethagen: 7
Skårer eitt mål, og sett i tillegg opp Alexander og Eirik til målsjansar, men Kim kan betre enn dette.
Geir Ove Grønli: 6
Kjem seg til eit par målsjansar og burde absolutt ha skåra. Verka elles tung og viser ikkje same forma som tidlegare.
Eirik York: 7
Brukar eit kvarter på å kome igang, men dei siste 15 er han god. Tek tak i midtbana, kjempar, går på løp, sikre pasningar og er uheldig som ikkje skårar. Vann Norborg sin første hovudduell på midten etter drøye timen!
Vebjørn Grytten: 6
Kjem inn på høgrebacken og gjer det stort sett greit. Mykje med framover på bana.
Geir Ove Tennfjord: –
Positivt innhopp av junior. Fekk nesten notert seg ein assist då han spelte Kim igjennom.
Vegard Vegsund: –
Rakk ikkje å markere seg.