Larsnes-Norborg 0-2 (0-1)
Larsnes stadion, 26.06.02
0-1 Geir Ove Grønli (15)
0-2 Grønli (57)
Dommar: Magne J. Krumsvik, Folkestad – 4
Norborg tok ein oppskriftsmessig seier mot botnlaget Larsnes på onsdag. To mål på heading av spissen Geir Ove Grønli sikra ein fortjent siger i ein lite velspilt kamp.
Etter femten minutt i første omgang får Tarjei Urkedal kjempa til seg ballen nede ved hjørneflagget. Innlegget går til ein umarkert Geir Ove Grønli som frå to meter kan heade ballen i mål til Norborgleiing.
Resten av omgangen var prega av mange dueller på midtbana, og utan dei store sjansane framfor noen av måla. Larsnes var nærmast på ei heading frå Asle Johansen som Kurt Erik Grytten reddar fint.
Grønli for andre gang
Norborg økte leiinga til 2-0 etter ti minutt i andre omgang. Kim Krogsethagen kjem seg fint fri nede på høgresida. Innlegget stupheadar Grønli i mål. Etter dette har Norborg full kontroll på kampen, og kunne godt auka leiinga til 3-0 når Steffen Grytten får stå heilt umarkert på eit hjørnespark, men diverre for Norborg går headinga utafor.
Dagens dommar Magne J. Krumsvik hadde ein svak dag på jobben. Blant anna oversåg han ei klar straffe til Norborg i andre omgang, og delte i tillegg ut fire gule kort til bortelaget utan at kampen bar preg av stygt spill.
Pluss til Kurt Erik Grytten for solid keeperspill, Morten Kalvø for oppfordrande stopperspill, og til Geir Ove Grønli som stod for måla. Resten av laget har meir å gå på. Dette var siste kamp før ferien. Neste kamp er heime mot Blindheim/Emblem 7. august. Norborg er etter vårsesongen eitt poeng bak opprykk, så det kan gå mot ein spennande haustsesong for dei oransje.
Spelarvurdering:
Kurt Erik Grytten: 8
Stod ein sikker kamp i mål, hadde ingen feil. Bra med tanke på det sleipe føre.
Stig Wold: 7
Bra kamp av Stig. Bruker farta si og har kontroll.
Morten Kalvø: 8
Nok ein bra kamp av Morten i midtforsvaret. Hadde full kontroll heile kampen.
Kenneth Vegsund: 6
Hadde nokre bommar i dag, var uvanleg upresis i oppspela. Såg tydeleg fram til ferien.
Jan Even: 6
Manglar tydleg kamptrening, og sleit litt, men gjorde ingen grove feil. Gult kort trekker litt ned.
Kristian Søviknes: 7
Jobba godt på venstresida og kom seg til nokre innlegg, men diverre mangla det ofte nokre cm på å treffe medspelarar.
Jan Vatnehol: 6
Sleit i 1. omgangen, men heva seg etter pause då Larsnes-spelarane vart meir slitne.
Stein Erik Reitan: 7
Var del av ei sentral midtbane som hadde problem i 1. omg., men han jobba bra defensivt.
Tarjei Urkedal: 7
Jobba godt defensivt på høgresida, men fekk få ballar å jobbe med i det offensive spelet.
Kim Idar Krogsethagen: 6
Slit med å skore, og dårleg bevegelse. Kjem nok sterkare tilbake til hausten etter å ha herja på øyacupen?
Geir Ove Grønli: 7
Skårer to mål, og tek det elles med ro. Forsiktig med ankelen, men vinn duellane.
Eirik York: 6
Kjem inn på midtbana, men manglar litt på forma. Blir for treig.
Alexander Gamlem: 6
Brukar farta si, men innlegga var upresise. Med litt innleggstrening i sommar blir han nok ein god mann å ha til hausten.