Klart tap for Skarbøvik øydelagde inntrykket
Norborg starta innandørs-KM i sunnmørshallen med ein dårleg kamp mot Vartdal. Etter å ha leie under heile kampen med opptil tre mål, utlikna man til 5-5 noen minutt før slutt. Men i stede for eit mål den rette vegen skåra Vartdal til 6-5 noen sekund før full tid. Målskårarar for Norborg var Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund, Kristian Søviknes, Stein Erik Reitan og Eirik York. Dermed hadde Norborg eit vanskelig utgangspunkt foran møte med den suverene 3.divisjonsvinnaren Bergsøy. Norborg måtte vinne for å ha eit håp om avansement.
Sein avgjersle
I kampen mot Bergsøy heva oransjetrøyene seg fleire hakk frå kampen mot Vartdal. Laget var meir solid bakover, og framme på bana vart det jobba bra. Likevel var det Bergsøy som tok leiinga etter ti minutt med Frank Sverre Skorpen. Norborg gidde ikkje opp, og Morten Kalvø trefte stolpen på eit godt volleyskot. Utlikninga var det derimot Kim Idar Krogsethagen som skulle stå for. Bergsøy pressa etter dette på for eit leiarmål, medan Norborg hadde noen farlige kontringar. Kalvø trefte stolpen på eit susande langskot, og Kristian Søviknes var nære på eit anna langskot. Men eit halvt minutt før slutt skulle Norborg få utteljing når Kenneth Vegsund får krangla ballen i mål. Dermed eit sensasjonell siger til Norborg, og håpe om avansement levde vidare.
Brattvåg2 ingen målestokk
I siste gruppekamp måtte Brattvåg2 besigrast for å gå vidare. Norborg starta kampen forsiktig, men etterkvart fekk man ballen i mål. Krogsethagen gidde laget leiinga før Søviknes putta to raske. Etter dette slappa Norborg litt av, og Lennart Holmen fekk sette inn ei redusering til 3-1. Søviknes auka etter dette til 4-1 på eit velplassert frispark før Krogsethagen, Reitan og eit tåskot frå Steffen Grytten fastsette sluttresultatet til 7-2. Norborg skulle dermed møte Skarbøvik i 8-delsfinalen søndag formiddag.
Flautt Norborg!
Kampen mot Skarbøvik bar preg av eit tafatt og lite motivert Norborglag. Når Skarbøvik i tillegg er både effektive og dyktige foran mål vart det utklassing. Reitan ga Norborg eit lite håp når han reduserte til 1-3 etter fire minutt, men til slutt hadde Skarbøvik fått 17 ballar i mål bak ein god Geir Roar Gamlem. Dermed var Norborg utslått.
Brattvåg imponerte
Brattvåg sitt førstelag gjennomførte ei god turnering. Etter tap mot Aafk i første kamp, overbeviste dei med siger mot Vigra og Ellingsøy. I cupspillet som starta søndag slo dei først ut Volda, før Langevåg fekk stryk i kvartfinalen. I semifinalen vart Hødd for sterke, medan møtet med Skarbøvik i bronsefinalen enda med 8-5 tap. Dermed ein sterk fjerdeplass til eit Brattvåglag som imponerte med sterk defensiv jobbing og godt angrepspel med Kjartan Myklebust, Arnel Colic og Ståle Hurlen i spissen. Det siste herrelaget som var i aksjon frå Haram, Hano, vart utslått i gruppespelet etter tap mot Langevåg og Ørsta2 og siger over Godøy.
I finalen vann Hødd 5-4 over AaFK.