Herd/Spjelkavik2 – Norborg 1-1

Herd/Spjelkavik2-Norborg 1-1 (0-0)
Spjelkavik gras, 19.06.02

5 sjansar 4
4 hjørnespark 3
1 2

0-1 Kim Idar Krogsethagen (63)
1-1 Kristian Lie (80)

Dommar: Tove Marie Tandstad, VRF-5
Jan Vatnehol og Kim Idar Krogsethagen

Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Vebjørn Grytten – Kristian Søviknes, Stein Erik Mårstøl, Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal (Steffen Grytten, 82) – Kim Idar Krogsethagen, Jan Vatnehol (Alexander Gamlem, 59)

På ei vanskeleg bane spelte Herd og Norborg uavgjort 1-1. I ein lite minneverdig kamp ga Kim Idar Norborg leiinga etter dryge timen, men ti minutt før slutt fekk Herd utlikna. Kampen var prega av dårleg spel og få store sjansar. 1-1 var dermed eit greitt resultat.

Offside, offside og atter offside
Dei første 20 minutta vart det skapt lite sjansar på Spjelkavik stadion, men offside avblåsninga florerte det av. Norborg prøvde å spele i Herd sitt bakrom, men gang på gang vart Kim Idar, Tarjei og Kristian avblåst for offside, enkelte var korrekt, men mange av dei var svært tvilsame. I det 20. minutt kjem kampen sin første store sjanse. Kristian kjem seg fri på venstresida og slår eit fint innlegg til Tarjei som prøvar seg på ei slags “brasse”, forsøket er bra, men går like utafor.

Fem minutt seinare får Herd frispark frå ca. 20 meter. Vertane sitt skot er bra, men Kurt Erik er med på notane å avverjar. Norborg startar å ta over spelet, men det vart berre nesten sjansar. I staden er det Herd som er farleg frampå på ein corner nokre minutt før pause, men Norborg får avklart. Herd pressa på dei siste minutta mot eit baktungt Norborg-lag som ikkje greie å halde på ballen. Presset førte likevel ikkje til nokon farlege sjansar, og omgangen ebba ut med 0-0.

2. omgang
Andre omgang startar friskare enn den første. Herd har ballen mest i dei første minutta, men det er Norborg som får første sjansen. Jan får tid på seg og er frampå med eit godt skot, men keeper redda, returen går til Tarjei, men frå 7 meter greier han ikkje å skåre. Minutter etter kjem Herd seg fram på venstresida si. Herdvingen legg inn og ein angripar får avslutta, men utafor.

Norborg tek over
Etter nokre minutt med dårleg fotball vaknar Norborg. Mårstøl vinn ballen på midten, dribla eit par mann og gir til Kim Idar, som prøver å finne Tarjei i midten, men forsvaret ryddar opp. Minuttet etter får Norborg frispark på høgresida. Kristian legg fint på hovudet til ein umarkert Kim Idar som headar i mål frå 5 meter.

Minuttet etter er Kristian frampå med eit godt skot, men keeper får avverja til ein corner som vart ufarleg. Norborg styrer kampen i desse minutta. Spesielt har midtbana løfta seg kraftig. Kvarteret før slutt får Kim Idar får ein kjempesjanse. Han blir spelt fint igjennom, men aleine med keeper nøla han for lenge og keeper får tak i ballen.

To poeng tapt
Etter dette miste Norborg initiativet i kampen, og 1-1 lot ikkje vente lenge på seg. Ti minutt før slutt får Herd frispark midt inne på Norborg sin banehalvdel. Ballen blir slått inn i 16-metersfeltet, Norborg får ikkje avklart og ein umarkert Herdspelar får avslutta i mål frå kort hald. Eit mål som burde og skulle ha vore unngått.

Nokre minutt før slutt får Herd frispark like utafor 16-meteren. Mur og keeper er ikkje oppstilt etter læreboka, men Kurt Erik reddar skotet og kampen endar 1-1.

Alt i alt var 1-1 eit rettferdig resultat, men vi set med den følelsen at dersom det hadde vore linjedommarar i 5. divisjon, så hadde Norborg vunne kampen. Vi har ikkje tal på nøyaktig kor mange gongar oransjetrøyene vart avblåst av ein dommar som ikkje ville la tvilen kome det angripande laget til gode, men godt over to sifra er sikkert.

Nå skal vi ikkje gi dommaren skylda for at Norborg ikkje vann. Først og fremst møtte ein eit fysisk godt og aggressivt heimelag, som gjorde det vanskeleg for gjestane. Norborg gjorde også mange tekniske feil og mange feilval.

Neste kamp for Norborg er borte mot botnlaget Larsnes. Då må og skal Norborg vinne.

Spelarvurdering

Kurt Erik Grytten: 7

Spelar ein OK kamp. To fine redningar på Herd sine to farlege frispark.

Stig Wold: 7
Gjer også ein OK kamp. Brukar som vanleg farta si, men opplevde i denne kampen å bli sprunge ifrå av Herd sin meget hurtige spiss, som heldigvis for Norborg ikkje starta kampen. Gjer det riktige ved å slå enkle pasningar til nærmaste medspelar.

Kenneth Vegsund: 7
Opplevde faktisk å tape i lufta i denne kampen, men gjorde stort sett ein grei kamp på det vanskelege føret. Var del av eit forsvar som sjeldan slapp Herd sine spissar til store sjansar.

Morten Kalvø: 7
Bryter bra og er stort sett stødig, men enkelte av klareringane kunne ha vore betre.

Vebjørn Grytten: 6
Var den som hadde størst problemer i forsvaret. Vart ofte lett dribla, usikker i posisjoneringa, og oppspela vart ofte med feil adresse. Tok initiativ framover på bana etter utlikninga.

Kristian Søviknes: 6
Spelte ein bra 1. omgang der han fekk til innlegga sine, men diverre var der ingen Grønli eller Gamlem til å skåre. Vart veldig anonym i 2. omgang, men fekk notert ei målgjevande pasning.

Stein Erik Mårstøl: 6
Viste enkelte lekre detaljar med ballen, men spelte totalt sett under pari i dag. Hadde problemer med aggressive motspelarar. Del av ei midtbane som berre tidvis hadde grep om kampen.

Stein Erik Reitan: 6
Også Reitan sleit mot aggressive og fysisk sterke motspelarar. Ujamn pasningskvalitet.

Tarjei Gjerset Urkedal: 6
Vart lite brukt, og fekk lite til når han først var involvert. Jobba godt defensivt.

Kim Idar Krogsethagen: 7
Skåra Norborg sitt mål og skal få skryt for det, men han brente også kampens største sjanse då han kom aleine med keeper. Bør ta med seg Kurt å trene på dette her. Det er, for å seie det mildt, ikkje første gongen han bommar aleine med keeper i år. Blir støtt og stadig avblåst for offside.

Jan Vatnehol: 6
Jobbar tidvis godt, men får lite til på den våte bana. Skapte Norborg sin første sjanse i 2. omgang med eit godt skot.

Alexander Gamlem: 6
Kom ikkje seg til dei store sjansane den halvtimen han spelte. Kjempa bra mot fysisk sterkare spelarar. Vi treng Alexander i kampform til hausten.