Harøy-Norborg 2-1 (0-0)
Harøy gamle stadion, 20.04.02
0-1 Kurt Erik Grytten (str. 50)
1-1 Stig Sandøy (69)
2-1 Morten Liabø (str. 87)
Dommar: Perry Myklebust
Norborg tapte 2-1 for Harøy på laurdag. Eit noko redusert Norborg-lag spelte jamt med vertane i ein sjansefattig 1. omgang. I 2.omgang tok Norborg leiinga på straffe ved keeper Kurt Erik Grytten, men etter dette tok Harøy over kampen og vann til slutt 2-1.
Norborg-leiing
Etter ein kjedeleg 1. omgang tok Norborg leiinga tidleg i 2. omgang. Norborg sin toppskårar i vinter, Kim Idar Krogsethagen, vart felt av Harøy-målvakt Arve Myklebust, og dommar Perry Myklebust dømte straffe. Norborg sitt svar på Hans-Jorg Butt, Kurt Erik Grytten, gjekk fram å skåra sikkert.
Harøy-dominans
Elles var det Harøy som dominerte mykje av andre omgong. Spissane Rolf Borgan og Stig Sandøy skapte mykje for Harøy, der dei etterkvart fekk god hjelp av ei bevegeleg midtbane. Etter henholdsvis 54., 55. og 63. minutt hadde både Stig Sandøy, Ronny Harnes og Harald Åge Nielsen gode forsøk, men først i det 69. minutt kom utlikninga. Etter flott spel, der ballen gjekk innom heile midtbana til Harøy, la Borgan inn foran mål der Sandøy skåra med hovudet.
Norborg var frampå ti minutt før slutt, men Myklebust redda. Avgjerda kom derimot tre minutt før slutt, då Grytten i Norborg-målet hadde ei noko unødvendig utrusing mot Sandøy som blei felt. Morten Liabø skåra sikkert frå ellevemeteren.
Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Øyvind Farstad (Torstein Volstad, 75) – Christian Søvik, Stein Erik Reitan, Kristian Søviknes, Steffen Grytten (Ole Jonny Gamlem, 75) – Kim Idar Krogsethagen, Gustavo Pedeira