Dei fleste Norborgspelarane reiste inn til Valldalen fredagskvelden for å lade opp til denne prestisjetunge!? turneringa, mens andre kom i ekspressfart frå Danmark for å få vere med. På forhånd var Norborg favoritt saman med Larsnes. Norborg skulle spele i gruppe med Giske og Valldal, og alt anna enn gruppeseier vil vere en gedigen skuffelse.
Norborg sin tropp: Kurt Erik Grytten, Jan Even Drønnesund, Vegard Vegsund, Stig Wold, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Tarjei Gjerset Urkedal, Alexander Gamlem, Christian Søvik, Steffen Grytten, Geir Ove Grønli, Stein Erik Reitan, Terje Tellefsen, Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem og (spelande!) trenar Sindre Hildre
Norborg-Giske 2-0
Mål: Kenneth Gamlem og Kim Idar Krogsethagen
Gult kort: Jan Even Drønnesund
Banens beste: Geir Ove Grønli
Norborg møtte Giske i årets første Valldalscupkamp. Norborglaget var ute etter hevn for det forsmedelige poengtapet ute på Giske tidligare i sesongen. Dei første minutta var jamnspelte med ein brukbar sjanse til kvart lag. Omgangen blei so ødelagt av ufint spel. Giskespelarane begynte med holding, farlige tacklingar og fribryting. Norborg tok so hevn før dommar Kaldhussæter fekk kontroll på kampen igjen. I en tidvis underholdande omgang skorte Kenneth Gamlem det einaste målet. I 2. omgang var Norborg klart best. Norborg rulla opp angrep på angrep, men sjanse på sjanse vart brent. At Norborg, i denne omgangen, berre fekk ei skoring av Kim Idar Krogsethagen er bortimot utrulig. Steffen var fleire gonger aleine med keeper uten å skore, Stein Erik heada like over fra kloss hold, Terje hadde også en stor sjanse, ja det var vel nærmast alle unntatt Kurt som hadde en sjanse til å skore. Effektiviteten må forbetrast visst oss skal spele i 4. divisjon neste år. Uansett en 2-0 seier til Norborg i en kamp som inneholdt det meste.
Valldal-Norborg 1-5
Mål: Kenneth Gamlem 2, Kim Idar Krogsethagen 2, Geir Ove Grønli
Gult kort: Kim Idar Krogsethagen
Banens beste: Kenneth Gamlem
Valldal fekk etter 3 minutt frispark på ca. 25 meters hold. Frisparket vart satt kontant i mål, og dermed ein overraskande ledelse til “jordbærplukkarane”. Norborg tok seg sammen og utlikna få minutt etter. Kenneth Gamlem var sist på ballen. Etter dette var omgangen jamnspelt med brukbare sjansar til begge lag. Like før pause fekk imidlertid Kim ballen i mål, og dermed 2-1 ledelse til Norborg ved pause. 2. omgangen begynte med eit lite overtak til Valldal før Norborg tok over, og viste at det var divisjonsforskjell mellom laga. Kenneth G., Kim og Geir Ove Grønli laga kvart sitt mål i 2. omgangen. Norborg spelte ikkje so god fotball i denne kampen som i Giskekampen, men hadde bra uttelling på sjansane og vann etterkvart fortjent. Spesielt spissane Kenneth og Kim bør få skryt i denne kampen.
Finale:
Norborg-Tjørvåg 0-1
Mål: utrulig nok ingen Norborgspelarar
Raudt kort (2 gule): Kenneth Vegsund (25 min.)
Gult kort: Geir Ove Grønli
Det var ingen norborg.com reportere tilstede på denne kampen, men ifølge rapportene var det eit ufortjent Norborg-tap. I 1. omgangen hadde Norborg trykket, mens Tjørvåg fekk eit par-tre sjanser på kontringer. Som så mange ganger før i år hadde Norborg problemer med å omsette sjansene til mål. Tjørvåg skorte imidlertid på en av sine tre sjanser, og gjekk til pause med ledelse og en mann meir. For i det 25. minutt fekk Kenneth Vegsund sitt andre gule kort for dagen. Det første fekk han for farleg spel i ein situasjon der Kenneth bomma både på ball og mann. Det andre fekk han etter ei tackling der han tok ballen, men også mannen (ifølge dommaren). Kenneth sjølv meinar han ikkje burde ha fått kort i nokken av situasjonane. Men oss kan jo tilføye at dommaren heiter Rolv Langva, og er ikkje Norborg sin beste venn. I 2. omgangen var det total Norborg dominans. Norborg skapte 5-6 store sjansar, mens Tjørvåg ikkje skapte nokke. Den største av dei store stod Kim for. Han stod på 5 meter og skaut, men keeperen redda på streken. Dermed ebba kampen ut med nok eit ufortjent Norborg-tap på grunn av dårlig effektivitet. Vi får håpe på litt flaks foran mål mot Valder i sesongens første seriekamp.
Valldalscup i fakta:
Vinner: Tjørvåg, tapende finalist: Norborg, 3. plass: Valldal, 4. plass: Fiskerstrand, 5. plass: Larsnes, 6. plass: Giske
Toppskorer: Kenneth Gamlem 3 mål (vann straffesparkkonkurranse mot Kim og en Raymond fra Tjørvåg som også hadde 3 mål.
Turneringens beste: Geir Ove Grønli