Norborg – Skarbøvik2 1-4

Tapte toppkampen!

Norborg-Skarbøvik 2. lag 1-4 (0-2)
Norborg gras, 16/9/2001
Ca. 250 tilskodarar

4 skudd på mål 7
3 skudd utenfor 11
4 hjørnespark 5
15 frispark (mot) 23
2 gule kort 2
1 raudt kort 0
0-1 (28 min)
0-2 (43)
0-3 (53)
1-3 Tarjei Gjerset Urkedal (60)
1-4 (85)

Publikum: vi er fornøgd med oppmøtet (ca. 200)
Dommar: Dag-Harald Moldskred

Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Øyvind Farstad (Jan Even Drønnesund, 70) – Tarjei Gjerset Urkedal (Vebjørn Grytten, 75), Geir Ove Grønli, Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem (Øyvind Kvammen, 44) – Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem

Norborg vart eit nummer for små i denne kampen. Det tok imidlertid nesten en halvtime før SIF2 tok ledelsen. SIF2 hadde dei fleste sjansene og vann fortjent. Norborg kunne med litt flaks ha fått eit mål eller to til, men det kunne også ha blitt en del fleire imot. SIF2 var nok 3 mål betre i denne kampen.

Det var klart for toppoppgjer i 5. divisjon, og det hadde mange folk fått med seg. Det er lenge sidan det har vært så mange på Norborgkamp. Norborg mangla Christian Søvik og Roger Grytten i denne kampen, mens det gledelige var at Morten Kalvø var klar igjen etter skade. SIF2 stilte mannsterk med fleire spelarar som har 2. divisjonserfaring.

SIF2 begynte kampen best, men greidde ikkje å skape nokken skikkelige sjansar dei første 10 minutta. Det var faktisk Norborg som fekk den første store sjansen. Tarjei kom seg fri på venstresida, la inn til Kenneth G., men avslutninga var for dårlig. SIF2 styrte kampen. Dei kom seg ofte rundt på venstrekanten, men avslutningane gjekk ikkje på mål. Etter 20 minutt fekk Norborg sin andre sjanse. Øyvind F. legg inn, ein SIF spelar heada ut til Stein Erik, som skyt like utafor. Norborg er inne i ein god periode no. Knappe fem minutt seinare prøva Kim Idar seg med eit skudd som duppar, men det gjekk over.

Så får SIF mål. En SIF spelar blir spelt igjennom på venstresida å sette ballen sikkert i mål aleine med Kurt. Etter dette får SIF2 en del sjanser, men får ikkje mål før i det 43. minutt. SIF2 kjem nok en gang på venstresida. Legg lavt inn foran mål, ballen går forbi alle foran mål, men på lengste stolpe dukkar ein SIF spelar opp å sette ballen i mål. Eit surt og unødvendig mål like før pause.

8 minutt ut i 2. omgang kjem spiker’n i kista. “Bygutta” har fått corner. Corneren blir slått inn på første stolpe, der ein spelar sette ballen i nettet i kamp med ein Norborgspelar. Norborgspelarane gir imidlertid ikkje opp, og tek over spelet. Først slår Kenneth V. eit frispark inn i 16-meteren, Tarjei er sist på ballen, men headinga hans går like over. Berre minuttet etter kjem heimelaget igjen. Ballen blir slått inn i 16-meteren fra høgresida. Kenneth G. skjermar ballen, Tarjei får tak i den, å skyt i mål, heilt inne ved stolpen. To minutt seinare held Norborg på å skore sjølmål, men ballen går like utafor stolpen. Minuttet etter er det Kenneth G. som kjempar seg forbi to siffarar, men avslutninga hans går like utafor. Fem minutt seinare er det SIF som får en gedigen sjanse. Dei kjem rundt på høgresida, legg inn på nærmaste, der ein siffar utrulig nok greier å skyte over fra 3 meter. Minuttet etter skorer Norborg på ei heading, men målet blir annullert for offside. Etter dette dabbar kampen av, og SIF2 har full kontroll. Ti minutt før full tid blir Stein Erik utvist for en ettersleng. Etter dette hardnar kampen til. Frustrerte Norborgspelara kaster seg inn i duellar, og vi kan vere glad for at Kim ikkje fekk sitt 7. kort for sesongen. I det 84. minutt får Norborg corner. Vebjørn får skutt, men ballen blir redda på streken. SIF2 kontrar. I en fire mot to situasjon skorer SIF2 sitt fjerde mål. Målet burde kanskje ha vært annullert for offside.

Norborg var ikkje gode nok til å ta poeng i denne kampen. SIF2 var fysisk sterke, hadde kjappe spelarar, og eit svært jamnt lag. Laget kjem nok til å vere eit av topplaga i 4. divisjon neste år. Vi gratulerer SIF2 med opprykket.

Dommar Dag-Harald Moldskred dømmer stort sett bra, men gjer som forrige gang vi hadde han (mot Herd/SIL2) nokre feil, og mister litt haudet når det blir hett rundt ørene hans.