Norborg-Mauseidvåg/Solevåg/Langevåg 2. 4-1 (2-1)
Norborg gras, 22/8/2001
11 frispark (mot) 14
9 skudd på mål 6
3 skudd utenfor 6
1 hjørnespark 4
0 gult kort 1
1 raudt kort 0
1-0 selvmål (7), 2-0 Geir O. Grønli (9), 2-1 (18), 3-1 Stig Wold (70), 4-1 Christian Søvik (79)
Norborg gjekk tidlig opp i 2-0. En MSIL/LIL2 speler var uheldig å sette ballen i eget mål etter 7 minutt, mens Geir Ove heada inn eit Christian innlegg før 10 minutt var gått. Knappe 10 minutt seinare reduserer MSIL/LIL2 på ein fin lobb over Kurt. Resten av omgangen var prega av labert tempo. 2. omgangen begynn med at Kurt blir utvist. Dette tenner Norborglaget, og Stig og Christian økte ledelsen. Norborg var nærmare 5-1 enn MSIL/LIL2 var redusering.
Norborg var foran kampen svekka av at Kim måtte sone karantene etter eit unødvendig gult kort mot Valder, og Roger er stadig skada.
Kampen var jamnspelt dei første minutta, men so kjem Stein Erik seg inn i 16-meteren. Stein Erik legg til Steffen foran mål, som skyt rett på keeper, men returen sette en MSIL/LIL2 speler i eige mål, etter ein duell med Kenneth G. 2-0 kjem berre minuttet etter. Christian legg fint inn til Geir Ove som header sikkert i mål. Etter desse to “oransje” minutta kjem MSIL/LIL2 seg til hektene igjen. Sulaværingane får sin første sjanse etter 13 minutt, men Kurt redda fint skuddet. Like etter er det Alexander som er på farta. Han kjem seg rundt på høgrekanten, legg fint inn til Steffen som dessverre heada over fra 7-8 meters hold. Så skorer MSIL/LIL2. Norborgforsvaret blir dratt ut mot si venstreside, mens en MSIL/LIL2 spelar lurer seg inn i tomrommet på vår høgreside. Han mottek ballen, og setter den fint over Kurt, 2-1. Etter dette fell Norborg i prestasjon, og MSIL/LIL2 tek over kampen. Etter 25 minutt får MSIL/LIL2 en farlig sjanse, men skuddet fra 10 meter gjekk heldigvis utanfor. Nokre minutt etter skorer Norborg, men Kenneth G. er i offside, og målet blir annullert. Resten av omgangen blir prega av svakt spel, med eit par halvsjanser til begge lag.
2. omgang begynn på verst tenkelige måte. Knappe 5 minutt er spelt når Kurt rykker ut og redder eit skudd nokre cm utanfor straffefeltet. Dommaren meiner Kurt brukte handa, og viser han ut. Kenneth V. går frivillig i mål, Geir Ove går ned i forsvaret, mens Steffen går ned i midtbaneleddet. Det påfølgande frisparket redda Kenneth glimrande. Kenneth stod for øvrig godt heile omgangen. Han var sikker i klypene og taktisk glimrande. Det er lenge sidan vi har sett nokon dratt ut tida på en slik måte. Kenneth tok ferdighetsmerket i triksing i denne kampen. Det var Norborg som skapte sjansane i denne omgangen, sjøl med ein mann mindre. Etter 58 minutt kom Alexander seg rundt på høgresida, fekk til eit fint innlegg som Kenneth G. sette haudet på, men tidligare Norborgkeeper, Geir Roar Gamlem, redda glimrande. Etter 70 minutt fekk imidlertid Norborg 3-1. Stein Erik passa til Stig. Stig skyt, Geir Roar får ei hand på ballen og senker farten på ballen mot mål. Stig er imidlertid våken og får satt den i mål foran en MSIL/LIL2 forsvarer. Knappe 10 minutt seinare får Norborg frispark på ca. 18 meters hold. Stein Erik rulla ballen til Christian som knallar ballen i mål, 4-1. På slutten får både Stig og Kenneth sjansen til å skore, men Geir Roar viste seg fram som ein god keeper på si gamle heimebane. MSIL/LIL2 hadde sine muligheter, men Norborg vann fullt fortjent 4-1.
Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold (Robin Sande, 80), Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Tarjei Urkedal – Christian Søvik, Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli, Alexander Gamlem (Kenneth G., 88) – Steffen Grytten (Jan Even Drønnesund, 65), Kenneth Gamlem (Stig Wold, 86)