Larsnes-Norborg 1-5 (0-2)
Larsnes stadion, 8/9/2001
0-1 Kim Idar Krogsethagen (10)
0-2 Selvmål (42)
0-3 Geir Ove Grønli (48)
0-4 Selvmål (53)
0-5 Kim Idar Krogsethagen (62)
1-5 Asle Johansen (65)
Dommer: Oddmund Kaldhussæter
Ingen gule til Norborg, 3 til Larsnes
Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold (Jan Even Drønnesund, 68), Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Tarjei Gjerset Urkedal – Christian Søvik (Steffen Grytten, 75), Geir Ove Grønli (Vebjørn Grytten, 80), Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem – Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem (Øyvind Kvammen, 80)
Dette var kampen ingen av laga hadde råd til å tape. Norborg tok førarsete allereie etter 10 minutt. Stein Erik Reitan skaut i tverrliggaren, Kim var derimot framme på returen. Han heada ballen i bue over keeper, og i mål. Kampen var relativt jamnspelt i resten av omgangen, men nokre minutt før slutt var Norborg heldige. Christian Søvik kom seg rundt på venstresida, legg inn foran mål, der en larsnesspeler er uheldig å heade ballen over egen keeper og i mål.
I 2. omgang går Norborg ut i eit voldsomt tempo, og for tre mål på eit kvarter. Først kommer Alexander Gamlem seg fram på høgresida, legg tilbake til Tarjei Gjerset Urkedal som legg inn. Geir Ove Grønli dempar ballen, snur seg, og skyt i mål. Fem minutt seinare forfølger Kenneth Gamlem eit tilbakespel. Ballen gjer eit lite hopp, som fører til at keeperen bomma, og ballen rulla inn i målet. Vel ti minutt seinare får Norborg frispark. Stein Erik rulla ballen til Kim, som skyt ballen i mål, via en forsvarsspeler. Like etterpå får Larsnes eit trøstemål. Eit frispark blir stussa av Ådne Sandanger inn til Asle Johansen, som skyt i mål fra ca. 11 meter. Dette var Johansen sitt 15 mål for sesongen. Norborg gjorde etter dette nokre bytte. Steffen Grytten debuterte som kaptein i seriesammenheng.
Alt i alt en fullt fortjent Norborg seier. Larsnes hadde sine sjansa, men det var stort sett dårlige langskudd. Norborg skapte nokre halvsjansa i tillegg til måla. Spesielt kom en ofte rundt på kantene. Dommer Kaldhussæter gjorde en god jobb kampen igjennom.