Herd/Spjelkavik2 – Norborg 1-10

Herd/Spjelkavik2-Norborg 1-10 (0-5)
Herd grus, 26/8/2001

7 skudd på mål 15
5 skudd utenfor 5
4 hjørnespark 5
1 gule kort 4
1-0 Kim Idar Krogsethagen (1), 2-0 Alexander Gamlem (2), 3-0 Kenneth Gamlem (38), 4-0 Stein Erik Reitan (39), 5-0 Kenneth G. (43), 6-0 Kim Idar (48), 7-0 Kim Idar (58), 7-1 (63), 8-1 sjølmål (66), 9-1 Kim Idar (70), Kenneth G. (72)

Gule kort: Alexander Gamlem, Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem, Jan Even Drønnesund

Norborg massakrerte Herd/SIL2 i denne kampen. Allerede etter 2 minutt stod det 2-0 til Norborg. Herd/SIL2 tok var fullt på høgde med Norborg den påfølgande halvtimen, men når Norborg igjen skorte 2 mål på 2 minutt var det ingen tvil om kven som var best. Hadde ikkje dommaren hatt so mange feilaktige offside avblåsninga so hadde nok seieren vore mykje større. Likevel endte kampen trist. For både Kenneth Gamlem og Kim Idar Krogsethagen fekk gult kort, fra en etterkvart håplaus dommar, og må dermed stå over neste kamp borte mot Austefjord/Volda2.

Kampen hadde så vidt begynt då Kenneth G. spelte Kim igjennom. Kim finta ut keeper og sette ballen i mål. 2-0 kjem berre minuttet etter. Alexander dribla seg fri på høgresida, skjer inn mot mål og skorer. Bra prestasjon. Etter dette tar Herd/SIL over spelet. Den første sjansen fe dei etter 16 minutt. En Herdspeler blir spelt igjennom i midten, men lobbe hans går rett på vikarierande keeper Kenneth Vegsund. Etter vel ein halvtime våkna Norborg igjen. Først er det Alexander og Kim som kombinerar fint utpå høgresida, men avslutninga blir for dårlig. Nokre minutt seinare slår Christian ei fin gjennombruddspasning til Kenneth G. som skorer sikkert aleine med keeper. Minuttet seinare dribler Stein Erik seg fri og sett ballen i lengste hjørne. Kampens finaste mål! 5-0 kjem like før pause. Alexander og Geir Ove Grønli kombinerer på høgresida. Alexander passar inn til Kenneth G. som triller ballen i åpent mål.

Etter pause tek Norborg igjen kommandoen. Berre 3 minutt er gått når Kenneth G. slår til Kim. Kim tar ballen på brøstet før han dunkar den i mål. Fem minutt seinare får Herd/SIL2 straffe. Christian er syndaren når han handser. Straffesparket sett Herd/SIL2 imidlertid utanfor. I det 58. minutt blir det 7-0. Geir Ove G. speler Kim igjennom, og aleine med keeper gjer han ingen feil. Så får Herd/SIL2 ei redusering. Norborg har hatt corner, og Herd/SIL2 kontrar på høgresida. Ballen blir slått inn foran mål, og herdspissen gjer ingen feil aleine med Vegsund. 8-1. Alexander kjem rundt på høgresida, legg lavt inn, og ein herspeler sett ballen i mål foran Kim. Så yppa Herd/SIL2 seg med eit skudd som Tarjei redda på streken. 9-1. Christian la inn til Kim som dribla av ein mann og skorer. 10-1. Kim sentrer til Kenneth G. foran mål, som dunkar den inn. Dette var ein kamp Norborg måtte vinne, og gjorde det til gangs. Morten Kalvø og Per Kristian Stavik “debuterte” for Norborg i denne kampen. Morten spelte midtstoppar frå start, og greidde seg veldig bra.

Lagoppstilling: Kenneth Vegsund – Stig Wold (Jan Even Drønnesund, 40), Morten kalvø, Øyvind Farstad, Tarjei Urkedal – Christian Søvik (Robin Sande, 78), Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli (Steffen Grytten, 61), Alexander Gamlem (Per Kristian Stavik, 78) – Kenneth Gamlem (Geir Ove Grønli, 85), Kim I. Krogsethagen (Christian Søvik, 85)