Gursken – Norborg 1-4

Gursken-Norborg 1-4 (0-0)
Gursken stadion, 30/6/2001

Kim Idar Krogsethagen 3 mål
Kenneth Gamlem 1 mål

Norborg styrte 1. omgangen, skapte sjanser, men greidde ikkje å skore. Gursken var imidlertid farlig frampå eit par gonger. Norborg tok endå meir over i 2. omgangen, og etter ca. 65 minutt greidde Norborg å sprenge nullen. Kim var mannen bak målet. Kampen blei ikkje punktert før 10 minutt før full tid. Da kom imidlertid effektiviteten for fullt og Norborg fekk 3 mål. Gursken skorte eit mål heilt på slutten da Norborg hadde gjort en del bytter. En grei seier mot eit av avdelingas svakaste lag.

Det mest dramatiske som skjedde på laurdag var at Eirik York punkterte lunga etter å ha fått eit hardt skot i brystet. Dette skjedde eit lite stykke ut i 2. omg. Eirik blei liggande på sidelinja utan hjelp ei god stund. Etter kampen blei han kjørt til sjukehuset der dei fann ut at han hadde punktert lunga. Vi ønsker Eirik god bedring, og håper han har mange pene sjukesøstre til å hjelpe seg.