Blindheim/Emblem-Norborg 1-1 (0-1)
Blindheim stadion, 22/9/2001
0-1 Kenneth Gamlem (26)
1-1 Terje Ottersen (74)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stig Wold (Christian Søvik, 80), Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Øyvind Farstad – Christian Søvik (Vebjørn Grytten, 50), Tarjei Gjerset Urkedal, Geir Ove Grønli (Jan Even Drønnesund, 3) (Robin Sande, 75), Alexander Gamlem (Steffen Grytten, 60) – Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem
Norborg tapte toppkampen mot SIF2 forrige helg, og hadde dermed ikkje noko særleg å spele for. Norborg mangla Stein Erik Reitan på grunn av suspensjon.
På ei hard og humpete bane spelte Norborg ein av sesongens dårlegaste kampar. Etter 3 minutt tråkka Geir Ove Grønli over og måtte byttast. Geir Ove er sannsynlegvis klar til neste helg. Norborg begynne kampen best. Etter 15 minutt heada Christian Søvik like over mål, etter eit innlegg frå høgrekanten. 10 minutt seinare kjem scoringa. B/E avklara eit Norborg legg, men bare ut til Tarjei Urkedal, han speler Christian igjennom på venstrekanten, Christian legg hardt inn langs bakken, der Kenneth Gamlem breisida ballen i mål via keeper. B/E hadde bare eit par halvsjansar.
I 2. omgang tok Blindheim/Emblem over kampen. Først kom dei aleine med keeper, Kurt Erik Grytten, men han redda glimrande. Eit kvarter før slutt greidde ikkje Kurt å forhindre mål. Terje Ottersen laga målet. Berre minuttet seinare var B/E frampå igjen. Aleine med keeper skaut Ottersen heldigvis utafor. I sluttminutta hadde B/E eit par farlege skot utan resultat. Norborg skapte svært lite i 2. omgangen.
Skrive av Frode etter telefonsamtale med Kenneth V.