Straffemål var skilnaden
Austefjord/Volda2-Norborg 0-1 (0-1)
Vollane grus, 29.08.2001
7 skudd på mål 3
6 skudd utenfor 7
7 hjørnespark 8
19 frispark (imot) 11
0-1 Geir Ove Grønli (str. 30)
Norborg måtte slite for å vinne over eit aggressivt AV2 lag. AV2 skapte dei fleste sjansane gjennom heile kampen, men var ikkje gode nok foran mål. Norborg sitt mål kom etter at Tarjei Gjerset Urkedal vart felt innanfor 16-meteren. Geir Ove Grønli sette straffa utakbart i mål.
Det var eit redusert Norborglag som reiste til Austefjorden. Toppskorarane Kenneth G. og Kim Idar måtte sone karantene for gule kort. Kurt Erik var imidlertid tilbake mellom stengene.
På den trange grusbana (den var so lita at Kurt faktisk kunne ta fem-meterutspela sjølv!) var det heimelaget som begynte best. Allereie etter 5 minutt fekk dei ein stor sjanse. Ein AV2 spelar kom seg rundt på venstresida, slo inn foran mål der ein angripar skaut over frå 5 meter. Etter 7 minutt får Norborg sin eine av to sjansar i 1. omgangen. Stein Erik Reitan slår eit hjørnespark, som Kenneth Vegsund gir ut til Steffen Grytten, som skyt, men ballen blir redda på streken av AV2 forsvaret. Nokre minutt etterpå er det Kurt Erik som redda Norborg. Først redda han eit skot frå ca. 10 meter, mens like etterpå får han slått ei avslutning frå 3 meters hald til corner. Dei påfølgande 15-20 minutta skape AV2 ein del sjansar utan å skore. Norborg sleit voldsomt med både posisjon og presisjon.
Halvtimen var gått då Norborg endeleg fekk til eit skikkeleg angrep igjen. Tarjei kom seg inn i straffefeltet, og blir tydeleg felt av ein forsvarar. Geir Ove sette straffa tverrliggar inn, og Norborgleiing mot spelets gang. Heimelaget hadde like før halv tid ein gedigen moglegheit til å gå til pause med uavgjort. Dei kom seg rundt på høgresida, la lavt inn, fekk avslutta frå 5 meters hald, men nok ein gong gjekk skotet over. Er det Pat Jennings drakta til Kurt som skremme motspelarane?
I 2. omgang vart det mange lange ballar og mange duellar. Kenneth V. vart flytta fram frå midtstopparplassen sin til spiss for å få meit tyngde og luftstyrke framme. Etter 58 minutt får Kenneth V. til eit bra skudd frå ca. 25 meter, men keeperen redda. AV2 skape ikkje so mange sjansar i andre omgangen som i første, men etter 78 minutt får dei til eit skot frå god posisjon. Heldigvis går det utafor. Minuttet før slutt får dei til ein dobbelsjanse. Først redda Kurt Erik eit skot glimrande, så sette AV2 returen i stolpen før Norborg får klarert.
Norborg sleit med å få spelet i gang på ei svært lita grusbane. Men med hard innsats, tolmod, og litt flaks vart det tre viktige poeng.
Dommar Jarle Mordal dømte ein god kamp, og såg ingen grunn til å dele ut kort i ein tøff, men fair kamp.
Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold (Geir Ove Tennfjord, 74), Morten Kalvø, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad – Christian Søvik, Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli, Alexander Gamlem (Steffen Grytten, 77) – Steffen Grytten (Øyvind Kvammen, 68), Tarjei Gjerset Urkedal