Norborg/Brattvåg2 – Aksla 6-0 (0-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 21.02.2019
1-0 Magnus Austbø Seth (50)
2-0 Magnus Austbø Seth (53)
3-0 Magnus Austbø Seth (57)
4-0 Per Kristian Helle Hildre (67)
5-0 Magnus Austbø Seth (75)
6-0 Kristoffer Holmeset Søviknes (90)
Etter ein temmeleg jamn 1. omgang vakna Norborg verkeleg til liv etter pause, ikkje minst Magnus Austbø Seth som scora heile fire mål på ein halvtime. Dei to første putta han frå kloss hald, det tredje var eit hardt og presist skot frå 15 meter, mens det fjerde og Norborg sitt femte kom etter at Per Kristian Helle Hildre storma fram på venstresida etter ein stikkar frå Ole Johan Urke. Innlegget gjekk presist til Seth som tok eit par touch før han sette ballen i nota. Hildre hadde sjølv satt inn 4-0 åleine med keeper, medan Kristoffer Søviknes fastsette sluttresultatet til 6-0. Ein flott omgang av dei oransje.
Laget: Robin Bergtun (Benjamin Rørhus, 85) – Nikolai Jensen (Jonas Holmeset, 85), Anders Toven (Tobias Jensen, 73), Tor Abelseth, Siver Davik (Marius Fylling Rogne, 60) – Ole Johan Urke, Eirik Vågnes (Per Kristian Grytten Søvik, 60), Jesper Vos (Kristoffer Søviknes, 60), Magnus Jenssen (Vidar Nilsen Rogne, 60) – Magnus Austbø Seth (Lars Mikalsen, 85), Per-Stian Alvestad (Per Kristian Helle Hildre, 60).
Andre treningskampar:
SIF/Hessa – Blindheim 2-5
Volda – Hareid 0-0
Skodje – Langevåg 1-4