Norborg/Brattvåg2 tek imot Valder til årets første graskamp i Uggedalen. Begge lag har fått ein bra start på sesongen og ligg på delt 2. og 4. plass. Det er dermed klart for eit nytt toppoppgjer for Norborg, som gjekk på eit bittert tap for Bergsøy sist veke. Valder på si side snudde 0-1 til siger over Larsnes/Gursken og har poenget meir enn dei oransje.
Norborg får tilbake Benjamin Rørhus, Ronald Olsen, Vidar Nilsen Rogne, Ådne Hellandsvik og Ole Johan Urke i troppen frå sist, men har usikre kort i Per Kristian Helle Hildre, Per Kristian Grytten Søvik, Siver Davik, Jesper Vos, Ruben Holmeset og Gard Rogne.
Valder har tradisjonelt vore ein gjengangar på øvste krinsnivå, men måtte ta seg ein tur ned å spele i 5. divisjon 2017. Etter å ha sikra seg KM-tittelen der kom ein på 8. plass i 4. divisjon i fjor. I vinter har laget henta heim ein del spelarar og bør sikte seg inn blant topp 4.
Det tok 33 år før Norborg fekk møte Valder i seriekamp. Det var i 2001, og sidan den gong har laga møttest jamleg. Dette blir det 19. møtet mellom laga og poenga har blitt delt broderleg med 25 poeng kvar (7-4-7). Som regel vinn heimelaget. Det håper vi skjer denne gong også.
Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Kim Svensson (Aksla) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
Andre kampar:
Hareid – Rollon (onsdag) B
Hødd2 – SIF/Hessa H
Larsnes/Gursken – Emblem (torsdag) H
Volda – Ørsta H
Bergsøy – Blindheim H