Heimekamp mot Skodje torsdag kl. 1830

Torsdag er det klart for Norborg/BIL2 sitt tredje strake lokaloppgjer når Skodje tek turen til Uggedalen. Fjørtoft og Ellingsøy har blitt slått med solide siffer og gitt dei oransje eit særs godt utgangspunkt før sesonginnspurten, men oppgåva blir nok langt tøffare når gultrøyene frå nabokommuna kjem på besøk. Norborg har ein særs god statistikk mot Skodje, men i vår måtte ein sjå seg slått for første gong på over 30 år. Torsdagens møte er for øvreg det tjuande seriemøtet mellom klubbane sidan Norborg debuterte i 1968.

Norborg/BIL2 sleit sist veke med ein del skader og sjukdom, men til denne kampen er både Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne og Thomas Aarsund tilbake. Vidar Nilsen Rogne er fortsatt prega av sjukdom og ikkje med.

Skodje slit ikkje med skader og sjukdom. Måndag rapporterte dei om 25 på trening. Skodje hang lenge med i opprykkskampen, men med to tap på dei to siste vinka ein farvel til den kampen. Laget scorar lite mål, men er forholdsvis gjerrige og godt organisert. Spelaren å sjå opp for er Eivind Erstad. Han har spelt mykje stoppar i år, men er likevel laget sin toppscorar med 6 mål. To av dei kom mot Norborg for fire månader sidan. Han scorte for øvreg også Skodje sitt mål i vinterens treningskamp og har 6 mål på dei fire siste kampane mot Norborg. Det er på tide å stoppe den rekka.

Vi ser for oss ein kamp der Norborg styre mot eit defensivt og innsatsfylt gjestelag.

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Arild Hagen Bye (Valder)

Resten av runda:
Guard – Hovdebygda
Desse to tjuvstartar runda på onsdag. Guard bør vinne for å overleve i divisjonen, men vi trur Hovdebygda blir for sterke. B.

Blindheim – Fjørtoft
Det er ikkje på Blindheim KGB Fjørtoft skal ta poenga for å overleve. Komfortabel siger til heimelaget. H.

Herd2 – Langevåg
Heimelaget er i bra form, men Langevåg jaktar opprykk og knip sigeren. B.

Stranda – Sæbø
Stranda spelte berre uavgjort på Sæbø og har tre strake tap, men vinn denne. H.

Volda2 – Ellingsøy
Ellingsøy har rota seg ned i nedrykksstriden med eitt poeng på dei siste fire kampane. Fortsette nedturen her. H.