Heimekamp mot Sæbø torsdag kl. 1830


Norborg/BIL2 tek torsdag imot Sæbø på Uggedal stadion til sin første heimekamp på 2 månader. Dei to bortekampane ein har spelt i denne perioden har totalt enda med 11-0 og 6 poeng. No håper vi at laget tek med seg denne gode forma til Uggedalen der det “berre” vart 4-4 mot Stranda sist gong. Det var ein kamp vi i utgangspunktet ikkje var nøgd med berre eitt poeng, men når ein kom under 0-4 i det 50. minutt så vart vi likevel sjeleglade for det eine vi fekk.

Sæbø ligg på botnen av tabellen, men Norborg må vere på hogget frå start av for å ikkje få ein ny nervepirrande kamp. Det viste kampen i Sæbø då heimelaget leia tre gongar før Norborg tok grep og vann 3-6. Resultatet verka komfortabelt, men det var spenning til det gjenstod fem minutt. Norborg må ikkje minst passe på Bjørnar Holen, som har scora heile 11 mål hittil der to av dei kom mot Norborg. Han skapte også store problem på Øyacup då han spelte for Harøy.

Norborg har likevel vore sterke defensivt i mange av kampane. I heile 6 av dei 9 siste seriekampane har ein gått av bana med ein “smultring” i protokollen. Ein er dermed berre ein “smultring” bak rekorden på 7 kampar frå 1992 og 1996. I dei to sesongane spelte ein 18 seriekampar.

Frå sist kamp blir det ikkje dei store endringane. Keeper Ronald Søvik Olsen starta mot Herd2, men har no reist tilbake til Bergen for vidare studier. Marius Fylling Rogne er klar for spel etter overgongen frå Astor. Jonas Holmeset og Magnus Jenssen er tilgjengeleg denne gong og blir også nye i troppen.

Dommar: Abbas Tamimi (Ørsta)
Assistentar: Tove Marie Tandstad (VRF) og Kristoffer Nevstad (Aksla)

Andre kampar (alle spelast torsdag):
Blindheim – Guard – ny klar siger til Blindheim.
Skodje – Langevåg – toppkamp på Skodje som vi trur Langevåg vinn.
Ellingsøy – Hovdebygda – EIL normalt sterke heime, men HIL har normalt eit betre lag. Poengdeling.
Fjørtoft – Stranda – ligg an til ein jamn kamp, men vi trur Stranda knip sigeren.
Volda2 – Herd2 – Heimelaget satsar nok hardt på å vinne og få laga rundt nedrykksstreken på god avstand. H.