Sist laurdag arrangerte Norborg si badmintongruppe treningssamling i hallen på Vatneeidet. Trass det strålande veret, så deltok heile 16 spelarar frå Norborg og 2 frå Ålesund. Instruktør var Lars Valentin frå Ålesund BK, og i løpet av fire timer lærte han dei frammøtte meir om fotarbeid, backhand, smash og singletaktikk.