Norborg – HaNo 0-6 (0-4)
Treningskamp 11-ar, Uggedal stadion, 03.03.04
0-1 (7)
0-2 (40)
0-3 (41)
0-4 (44)
0-5 (48)
0-6 (61)
Dommar: Nils Edmund Stråmyr, Gamlem
Laget: Silje Nogva – Sandra Larsen, Inger Ann Søvik, Camilla Håskjold, Jannicke Gjerset- Frida Ahrens, Linda Flem Stavik, Camilla Krogsethagen, Terese Brusdal (Aina Nerland) – Kine Kvammen, Karen Elise Erikstad
Norborg vart nokre nummer for små i kampen mot HaNo og tapte 0-6. Likevel eit oppløftande resultat av vårt unge damelag.
Norborg hadde store problem med å skaffe nok spelarar til denne treningskampen, og mangla blant andre faste spelarar som Linda Holmeset og Ingrid Ahrens. Heldigvis kom Camilla Krogsethagen heim frå Gjermundnes, og Brattvåg-spelar Aina Nerland stilte sporty opp for å hjelpe Norborg.
Dei første minutta var prega av mykje kjemping på midten og mange feilpasningar. Så startar HaNo å koble inn grepet om kampen og kjem seg stadig nærmare Norborg sitt mål. Etter 7 minutt går Norborg sitt småspel i forsvaret gale, HaNo snappar ballen og scorar.
Etter målet fortsette HaNo å styre kampen, men Silje Nogva i Norborg-målet spelar godt og held Norborg inne i kampen med fleire klasseredningar. I løpet av dei siste 5 minutta av omgangen må likevel Silje tre gongar hente ballen ut av nettet. Alle tre måla kom på skot innafor 16 meteren som gjekk heilt ute ved stolpen.
Norborg konsentrerte seg om det defensive i denne omgangen å skapte svært lite. Nærmast var Camilla Krogsethagen som kom seg inn i 16 meteren men vart hindra i avslutningsaugeblinken og HaNo fekk rydda opp.
Etter pause fortsette HaNo å presse Norborg å auka til 5-0 på eit gjennomløp og 6-0 på eit utsøkt frispark i vinkelen. Etter dette starta Norborg å kome meir inn i spelet, og greidde blant anna å skape ein corner, samt nokre halvsjansar.
Sjølv om HaNo hadde ballen i store delar av kampen og vann 6-0, må vi seie at dette var ein oppløftande kamp for det unge Norborg-laget. Ein spelte displinert i forsvar og haldt motet oppe sjølv om HaNo punkterte kampen før pause. Spesielt 2. omgangen var bra, og med litt meir kamptrening så er det nok ikkje lenge til Norborg kan juble for sin første 11’ar siger. Men for å få kamptrening treng ein motstand. Per dags dato er det berre HaNo som vil stille opp som motstandar. Norborg skulle ha møtt FK Sykkylven på søndag, men meldte diverre avbod fordi Norborg hadde trekt laget sitt frå 11’ar serien…
Norborg sin bestemannspris går til Silje Nogva for sitt gode keeperspel.
Nils Edmund Stråmyr fekk sin debut som dommar og greidde seg veldig bra.