Lepsøy/HaNo – Norborg 2-5 (0-2)
Lepsøy stadion, 13.05.04
0-1 Camilla Krogsethagen (14) 0-2 Camilla Krogsethagen (40) 0-3 Camilla Krogsethagen (61) 0-4 Camilla Krogsethagen (64) 1-4 (73) 2-4 (75) 2-5 Camilla Krogsethagen (86)
Tropp: Terese Brusdal, Silje Nogva, Inger Ann Søvik, Frida Ahrens, Linda Holmeset, Linda Flem Stavik, Camilla Krogsethagen og Karen Elise Erikstad.
Norborg tok sin første tre poengar for sesongen då Lepsøy/HaNo vart slått 5-2. 1. omgang vart spelt i roleg tempo med eit initiativ til Norborg. Dt var dermed fortent at laget kunne gå til pause med ei 2-0 leiing. Begge måla kom etter fint pasningsspel der Camilla fekk æra av å score. Noko ho skulle få gjere svært ofte i denne kampen.
Etter pausen starta Norborg igjen best, og Camilla putta to mål før halvspelt omgang. Norborg hadde med seg få spelarar, og vart etterkvart svært slitne. Dette førte til eit kraftig Lepsøy/HaNo press dei siste 20 minutta. Dette førte til to reduseringar og tre stolpetreff, men Norborg haldt unna og like før full tid auka Camilla til 5-2. Norborg viste i denne kampen god laginnsats og ein sprang til krampen kom. Ein viste også godt kombinasjonsspel ved fleire høve.