Brattvåg – Norborg 5-0 (3-0)
Treningskamp 11-ar, Brattvåg kunstgrasbane, 28.03.04
1-0 Cathrine Vatle (16)
2-0 Rita Nogva Austnes (17)
3-0 Stine Otterlei (24)
4-0 Ingrid Silseth (83)
5-0 Stine Otterlei (85)
Dommar: Odd Arne Grande, Skodje
Troppen: Terese Brusdal, Silje Nogva, Ingrid Ahrens, Inger Ann Søvik, Linda Flem Stavik, Linda Hansen, Frida Ahrens, Karen Elise Erikstad, Camilla Krogsethagen, Kine Kvammen, Henriette Johannessen, Silje Mathisen og Linda Holmeset
Norborg leverte totalt sett ein positiv kamp mot Brattvåg på kunstgraset søndag ettermiddag, men måtte likevel sjå seg slått med fem mål.
Brattvåg tok som forventa tak i kampen frå start av, men måtte vente eit heilt kvarter på det første målet. Det er Cathrine Vatle som får æra av putte ballen i mål bak Terese Brusdal. Minuttet aukar Rita Austnes til 2-0 på eit lågt skot frå om lag 16 meter som går inne ved stolpen.
Etter desse to raske måla kjem Norborg seg litt høgare opp på bana og får til sitt første skikkelege angrep når omtrent halve omgangen er spelt, men diverre fekk Brattvåg ordna opp og ikkje lenge etter aukar Stine Otterlei til 3-0.
Brattvåg fortsette å trykke på, men avslutningane blir endten redda av Terese eller går utafor. Norborg på si side spelte seg fram til eit par hjørnespark og eit par avslutningar i løpet av 1. omgang.
Etter kvila la Norborg om til 4-3-3 og dette fungerte mykje betre. Ein greidde til tider å trykke Brattvåg tilbake på bana, og vi fekk sjå gode prestasjonar av søstrene Ahrens og Camilla Krogsethagen. Men mål vart det diverre ikkje.
På slutten av kampen scorar Brattvåg igjen to raske mål. Først skyt Ingrid Silseth i mål, så får Stine Otterlei score sitt andre for dagen. Vibeke Krogseter var også nær ved å kome på scoringslista, men hennar skot gjekk i tverrliggjaren. Heilt på tampen av kampen sendte Camilla Krogsethagen av gårde eit langskot, men Brattvågkeeperen fek avverja.
Trass 5-0 tap var det framgang å spore for Norborg. Laget greidde denne gongen å halde ballen i lengre periodar inne på motstandaren sin banehalvdel, men diverre fekk vi ikkje sjå dei heilt store sjansane. Med litt meir trening (spesielt kondisjon) og kamperfaring så kan dette bli bra.