Norborg – Stranda 0-2 (0-1)
Seriekamp damer, Søvikdalen 02.06.03
0-1 (20)
0-2 (69)
Det vart nesten siger for Norborgdamene på denne fine junikvelden. Fortsette laget slik resten av sesongen, vil nok sigerane kome etterkvart.
På den varme finversdagen oppe i Søvikdalen starter kampen mellom Norborg og Stranda ganske jemnt. Begge laga slit litt med den varme temperaturen som er. Linda H. har kampens første angrep. Ho kjem fra venstresida med eit skudd, men skuddet går i stanga og ut.
Nesten Julianne
Like etter blir ballen spelt gjennom fra midtbana til Julianne. Julianne skyt, men keeper redde til corner. 10 min. ut i omgangen blir det rot i Norborgforsvaret, og Stranda slepp til med skudd i tverrlegger. Stranda vinn ballen igjen og får lagt inn fra høgre sida, men skudd går over. Monica legg ei lang pasning til Linda H. framfor mål. Linda skyt, men kepper redder nok ein gang, til corner.
Like etter har Strandakeeper eit utskudd som sprett over Norborgforsvaret. Angriparen kjem seg framover og plasserer ballen fint i mål. Stranda vinn ballen etter Norborgløysing, men forsvaret avklarer og Linda H. stikk igjennom og skyt like utanfor.
Etter 23 min. får Linda H. ei fin pasning fra Linda S., og avsluttar igjen like utanfor. Ei stund etter prøver Linda S. med skudd fra 20 m., men skudd endar over. Vel ein halvtime ut i omgangen snappar Stranda eit utkast fra Norborgkeeper-, men skyt utanfor. Like før pause fortsetter spelet fram og tilbake framfor Strandamålet. Terese avslutter, men skudd er litt for svakt for ein god Strandakeeper.
Fleire nesten skot
To minutt ut i 2. omgangen starter Julianne med eit skudd rett over tverrleggaren. Rett etter kjem også Anette med eit skudd over. Stranda spelar seg framover til avslutning, men Lena reddar. Like etter kjem Linda S. med eit skudd. Men keeper redder. Julianne tek returen, men dette skuddet endar også på keeper. Vel 16 min. ut i omgangen kjem Julianne til skudd etter pasning fra Linda H. Skuddet endar på keeper.
Så kjem Stranda med skudd fra 20 m., men Lena har ei flott redning. Etter 23 min. får Terese sjansen. Ho er aleine mot keeper, men får ikkje kontroll på ballen, så Strandakeeperen rekk å avklare. Stranda scorer sitt andre mål etter ei langpasning og gjennomdribling gjennom Norborgforsvaret. Ei stund etter spelar Linda H. og Linda S. seg fint framover, med avslutning av Linda H, men keeper er “i veien”. 33 min. er gått, Stranda kontrer og avslutter, men skudd ender rett på Lena. Norborg speler seg fram, og Inger Ann avslutter fra 15 m., skudd ender på keeper. Linda H. fortsetter med eit fint framspel til Julianne. Julianne blir forstyrra av ei Stranda spelar, og ballen går ut over dødlinja.
Like før slutt kjem det eit innspel fra Henriette på kanten til Linda, som uheldigvis setter ballen i beina på Strandakeeper. Så kjem Terese med ein stor reduseringssjanse. Ho får ballen etter eit innkast, og skyt rett utanfor stanga.
Banens beste spelar var Linda Holmeset. Norborg presterte ein god kamp der alle jobbet hardt. Mykje godt spel i 1 omgang, men det mangla på avslutninger. Dei vart heller for svake. Dagens kamp var ein av dei bedre kampane vi har spelt. Norborg var heilt på høgde med Stranda. Synd at vi ikkje fekk oss ein seier.
Laget: Lena Grytten, Anette Sæter, Inger Ann Søvik, Julianne Stavik, Linda Stavik, Frida Ahrens, Linda Holmeset, Henriette Johannesen, Terese Brusdal, Monica Alvestad