Norborg – Skodje 0-7 (0-2)
Seriekamp damer, Søvikdalen 16.06.03
Dommar: Helge Uggedal, Norborg -9
Norborg starta kampen godt mot Skodje. Og viste tydelig at dei hadde fått sjøltilit etter sigeren borte mot Ørskog. Men diverre så gjekk det ikkje Norborgs vei denne dagen. Så etter en godt spelt første omgang, så rakna de nok ein gong mot slutten av andre. Norborg hadde, tross alt, fortent eit par mål i denne kampen.
Norborg eigde ballen og spelet i byndelsen av kampen, men Skodje kom på farlege kontringer. Etter 9 min. kombinerer Inger Ann og Linda F. S. fint, og får til ein god sjanse. Like etter kontrer Skodje, men Terese redder fint. Etter 24 min. kjem 0-1 etter gjennomspel og ein ufortent ledelse til Skodje. Norborg fortsetter å presse og får til ein god sjanse etter 28 min. Frida og Linda F. S. kombinerer, men skuddet blir for svakt. Like før pause får Skdje sitt andre mål, og laga går til pause med 0-2. Ufortent synest vi.
Andre omgang
Andre omgang bynd bra for Norborg, Linda F. S. speler Inger Ann fint igjennom, men keeperen får såvidt foten på ballen. Men som så mange ganger før, så vil de seg ikkje for damene våra. Og eit kvarter ut i andre omgang så kjem 0-3 på haude etter innlegg. 0-4 og 0-5 kjem berre minutter etter. Først med skudd over keeper, så er Norborg uheldig å set ballen i eige mål. Etter dette ser det ut som om Norborg har gitt opp, og Skodje får to mål til før ein god dommer Helge Uggedal bles av kampen. 0-6 kjem etter ein dobbelsjanse. Og kampen ender 0-7 etter eit kjempe skot.
Ikkje heilt begredeligt !
Stortap til tross, Norborg spelte godt i 1.omgangen, men mangla gode avsluttninger. Norborg hadde fortent eit par mål, men må nok trene avsluttninger. Eit pluss til Inger Ann, som var Norborgs beste, med hard og god jobbing.