post

G19: Frå sjukestova til 1. divisjon!

Norborg/Ravn/Harøy – Langevåg 3-2 (1-0)
Sparebanken Møre Arena, 14.02.2016

1-0 Ole-Kristian Aarseth
1-1
1-2
2-2 Thomas Drønnesund
3-2 Fredrik Krogsæter

Norborg har vore prega av eit virus som har slått ut halve stallen den siste månaden, men ein greidde nok ein gong å stable eit lag på beina i kvalifiseringa til 1. divisjon. Langevåg var det førande laget i banespel, men NoRaHa var best framfor mål og tok alle poenga. Bergsøy vann 6-1 over Emblem og det fører til at Norborg/Ravn/Harøy er klar for 1. divisjon. Vi gratulerer gutta!

Endeleg startar fotballåret 2015!

B-laget startar fotballåret 2015 i Norborg med trening søndag kveld kl. 20, A-laget måndag kl. 1815 og juniorane tysdag kl. 1815.

På B-treningane er alle velkomen til å trene, og som dei siste åra så er Noralf Gamlem sjef. Fast dag er søndag kl. 20, men om interessa er til stades så vil ein også ha trening onsdagar.

På A-laget er Stig Johansen ny trenar for året. Han gleder seg veldig til å ta til på oppgåva med å føre Norborg raskast mogeleg tilbake til 3. divisjon. Om trenaren er ny så lagleiinga den same som den har vore i årevis. Det vil seie Tarjei Gjerset Urkedal som sportsleg leiar, Frode Stormyr Engeset som administrativ lagleiar, Kristian Holmeset Søviknes (sportsleg utval) og Børt Tore Marthinussen (sportsleg utval). På spelarsida så er det også mykje som i fjor, men Jan Tore Fjørtoft har kome frå Brattvåg, André Larsen er tilbake etter låneopphald i Ravn og Adrian Håbet har meldt comeback. Stian Grytten Skogvoll, som meldte overgong frå Ravn i romjula, skal også trene fast med A-laget. I tillegg vil det bli hospiteringar frå juniorlaget. Fredag 30. januar blir det internkamp, medan første treningskamp bli mot Vestnes Varfjell onsdag 11. februar.

På juniorlaget er Kristian Holmeset Søviknes og Preben Austnes Lorgen nye trenarar, medan Ståle Grytten held fram som lagleiar. Juniorlaget har fått inn mange nye spelarar og går spennande veker i møte. Allereie i slutten av månaden tek kvalifiseringa for spel i 1. divisjon til.

Vi ønsker alle lag lykke til.