Stortap i Ørsta

Norborg/Brattvåg2 gjekk på eit 8-0 tap borte mot Ørsta torsdag kveld. Allereie før halvtimen var spelt hadde Knut Erik Myklebust scora hat-trick, medan Steffen Myklebust auka to gongar før pause. Ein Norborg-spelar scora først etter pause, men diverre i eige mål. Martin Bondhus la på til 7-0 eit kvarter før slutt, medan Knut Erik Myklebust scora sitt fjerde for dagen ti minutt seinare. Ingen comeback denne gongen, men trenar Marius Koch Rogne fekk sin A-kamp nr. 50 for Norborg.
Kampreferat

Rollon vart for sterke

Norborg/Brattvåg2 hadde diverre lite å stille opp med i kveldens kamp mot Rollon. Dei to Waagan-brødrene Anders og Marius scora kvart sitt mål før pause, medan Lage Haadem og Arthur Arsnukajev gjorde 0-3 og 0-4 før Anders Waagan fastsette sluttresultatet til 0-5 med sitt andre for kvelden. André Larsen var kveldens comeback-spelar for heimelaget. Han var med for første gong sidan juni 2018.
Les meir..

Heiderleg mot SIF/Hessa

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått 2-1 bort mot SIF/Hessa torsdag kveld. Heimelaget tok leiinga 1-0 i det 33. minutt ved Markus Foss Håndlykken. Marius Dulgheru har i år vore hjelpesmann rundt Norborg sitt A-lag. I kveld måtte han ta på seg drakta og dermed få sin A-debut i ein alder av 39 år. Med son Robert også på bana så er dette første gong sidan 1990 at Norborg har far og son på bana i ein seriekamp. Den gong ved John og Terje Tellefsen. 25 minutt før slutt satte like godt far Dulgheru inn 1-1 etter forarbeid av sonen.  Norborg sitt seriemål nummer 2300 sidan starten i 1968. Diverre fekk ikkje Norborg med seg poeng heim då Gaute Kvalsvik sette inn 2-1 dryge ti minutt før slutt.

Tarjei Gjerset Urkedal gjorde comeback i denne kampen og plussa dermed på Norborg-rekorden sin til totalt 579 A-kampar.
Kampreferat

Rakna på slutten

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå sigeren ryke då Volda2 utlikna på eit omdiskutert straffespark fem minutt på overtid. Oransjetrøyene har ikkje vunne sidan serieopninga i april, men denne gong var ein nærmare enn nokon gong. Magnus Austbø Seth og Martin Koch sørga for 2-0 leiing til pause, men utover 2. omgang tok kreftene slutt og Volda2 kom tilbake med to scoringar. Les meir..

Tap for Bergsøy

Norborg/Brattvåg2 måtte nok ein gong gå poenglause av bana etter at Bergsøy til slutt vart for sterke. Magnus Otterlei gav heimelaget leiinga etter eit kvarters spel mot eit bortelag, som utan sine fremste offensive spelarar sleit med å finne rytma i Uggedalen. Norborg/BIL2 kunne dermed gå til pause med eittmålsleiing. Etter pause hadde gjestane eit trykk mot Norborg sitt mål og snudde kampen til 1-2 etter straffemål av Junior Tombini og mål etter corner av Trym Rekkedal. Det siste særs omdiskutert etter at ballen låg ein meter utanfor hjørnesparkfeltet då ballen vart slått inn i feltet. Norborg sine spelarar protesterte både før og etter corneren vart tatt, men til inga nytte. Bergsøy var det beste laget, men med litt marginar kunne heimelaget fått behaldt eit viktig poeng. Les meir..

Vakna i tide til poeng

Norborg/Brattvåg2 redda med eit nødskrik eit poeng mot botnlaget Blindheim. Trass fleire innslag frå Brattvåg sin 2. divisjonsstall leia Blindheim overraskande 1-3 til pause på Uggedal stadion. Ein sterk sluttspurt med to mål på siste ti minutt ga 3-3 i ein kamp der vi må seie at berre tre poeng var godt nok.
Les meir..