Vidare i Sunnmørsposten Cup

Norborg vann 4-1 borte mot Sula i 2. runde av Sunnmørsposten Cup. Robert Dulgheru gav dei oransje leiinga allereie 1 minutt ut i kamp, medan Adrian Andrukiewicz dobla leiinga 5 minutt seinare. Eit sjølvmål i det 15. minutt sørga for 3-0. Noko som stod seg til pause. Ole Martin Sellaup auka til 4-0 før minuttet var spelt av 2. omgang. Nokre minutt før slutt reduserte Ramazan Akbulut for heimelaget. Norborg tek i mot Blindheim i 3. runde. Kampen er oppsett søndag 17. mars kl. 1830,

To nye inn

Sebastian Vågø vart på sin 26-årsdag i går klar for Norborg etter overgang frå Skodje. Vågø har spelt 4., 5., 6. og 7-ar fotball for Skodje sidan A-debuten hausten 2013. Det er også klart at Markus Søvik Gunnarsson (28) gjer comeback etter å ha flytta tilbake til Haram.

Møter Godøy i Sunnmørsposten Cup

Sunnmørsposten hadde i dag trekning i sin nyutvikla cup og då vart det klart at Norborg møter Godøy. Godøy er det laget ein har møtt flest gongar i seriespel sidan 1968, men sist møte mellom laga var i 2017. No er det altså klart for cupmøte mellom dei gamle rivalane. Kampen må spelast seinast 25. februar. Heile trekninga finn du her.

Mykje har skjedd i Norborg sidan sesongslutt i oktober. Laget har valgt å avslutte samarbeidet med Brattvåg2, ein har tilsett Niklas Rekdal som spelande trenar, samt fått tidlegare toppspelar Torbjørn Grytten tilbake til moderklubben. I går vart også Ole Enger Willumsen klar for dei oransje. Han er født i 1994, kjem frå Skodje og spelte i fjor 5. divisjonsfotball for Moldestudentene. Andreas Larsen Beite signerte sist veke. Han er også frå Skodje og er født i 1995. Han måtte i fjor nøye seg med 7ar fotball i heimbygda. Vi ønsker alle velkomen til Norborg.

Årets siste heimekamp

Fredag kl. 1830 spelar Norborg/Brattvåg2 årets siste heimekamp då Hovdebygda gjestar Uggedal KGB. Norborg står framleis utan heimesiger i årets sesong, men vonleg mobiliserer laget skikkeleg for å knuse denne smultringen. Hovdebygda var gjerne tre enkle poeng i vår storheitstid på 2000- og 2010-talet, men etter 8-1 sigeren 11. oktober 2018 har det blitt fire kampar utan siger mot Kenneth Nydahl sine disiplar. Det må vi gjere noko med. Vél møtt!

Heimekamp mot Aksla fredag kl. 1830

Norborg fortsette fredag jakta på sine første poeng sidan 29. juni når Aksla kjem på besøk. Aksla har vunne alle sine tre tidlegare tellande seriekampar (to i 1981 og ein i vår) mot Norborg ettersom dei i 2004 tapte so stort (9-0) at dei valgte å trekke laget for å fjerna denne stygge ripa i klubbhistoria si. Tarjei Urkedal er einaste spelar igjen frå den kampen som er aktuell til å starte fredagens kamp. Om han blir kvitt ein strekk han fekk sist fredag. Om du ønske å mimre tilbake til det glade 2000-talet så finn du kampreferatet mot Aksla her, men ta deg heller ein tur til Uggedalen for å støtte dagens mannskap.

Vél møtt!

Unngjekk dusinet

Norborg/Brattvåg2 måtte sjå seg slått heile 1-11 av Herd fredag kveld. Gjestane viste ein effektivitet vi sjeldan ser og heimelaget frykta ei stund for at ein skulle gå på tidenes største Norborg-tap då den eine avslutninga etter den andre fann vegen til nettmaskene. Heldigvis tapte ein den siste halvtimen berre 0-1 slik at 0-12 rekorden frå 1997 framleis står.
Les meir..

Bittert tap mot Hareid

Norborg kjempa godt, men minuttet før slutt måtte ein på nytt sjå poenget forsvinne då Petter Haddal Worren sette eit frispark frå 25 meter i nota. Bittert for Norborg, men fortent for Hareid som hadde skapt fleire store sjansar i løpet av kampen. Norborg på si side skapte ingenting dei første 80, men i minutta før Hareid sitt mål kom Robert Dulgheru seg til to gode moglegheiter, men diverre utan nettsus.
Les meir..