Norborg vann ikveld bortekampen mot Giske med 1-0. Etter ein mållaus 1. omgang vart Nicholas Kvammen den store helten for dei oransje. Norborg har vunne sine tre siste kampar utan å sleppe inn mål. Les meir..
Category Archives: Nyheiter Herrer A
Norborg best i lokaloppgjeret
Norborg vann 3-0 i bortekampen mot Brattvåg2 etter to mål av Nikolai Jensen og eitt av Niklas Rekdal. Norborg misbrukte eit straffespark tjue minutt ut i kampen, men gjekk likevel til pause med leiing då Jensen sette ballen i nota etter ein dryg halvtime. Etter pause dobla Jensen leiinga då han vann ein duell ved bakre stolpe og pirka ballen i mål. Litt seinare viste Niklas Rekdal fram skotfoten då han banka inn eit frispark frå 25 meter og fastsette resultatet til 0-3. Dermed tre herlege poeng med heim til Uggedalen.
Les meir..
Bergsøy2 trekk seg frå 5. divisjon
Norborg sin kamp mot Bergsøy2 på torsdag er avlyst sidan laget frå Fosnavåg trekk seg frå 5. divisjon. Sidan Norborg tapte serieopninga mot Bergsøy2 så mister vårt lag ingen poeng og avanserer frå 11. til 9. plass på tabellen. Norborg sin første kamp denne hausten blir borte mot Brattvåg2 torsdag 15. august kl. 1830.
Avslutta vårsesongen med siger!
Etter over 2 månader utan siger kunne Norborg igjen få juble for 3 poeng då ein vann 1-0 over Volda2 under strålande speletilhøve i Uggedalen. Sjølve kampen var heller ein 5-0 kamp enn 1-0, men Norborg slit framfor mål, og bomma og bomma. Heller ikkje eit straffespark traff mål. Etter 0-0 ved pause sørga Eirik Koppen Vågnes for mål før to minutt var spelt av 2. omgang. Norborg skapte ikkje so mange sjansar etter kvila som før, men hadde eit par feite tilbod om mål som ein ikkje tok vare på. På overtid fekk Volda2 sin eine sjanse, men frisparket frå 18 meter vart satt utanfor mål. Dermed kunne heimespelarane og tilskodarane puste letta ut. Med desse poenga har ein heng på laga framom på tabellen. Les meir..
Heimekamp mot Volda2 kl. 1900
Norborg spelar ikveld siste kamp før sommarferien når ein tek imot Volda2 på Uggedal stadion kl. 1900. Vél møtt!
Tapte mot Spjelkavik2
Norborg fekk ein grusom start i kveldens borteoppgjer mot tetlaget Spjelkavik2 med to mål imot før det var spelt 8 minutt. Eirik Vågnes reduserte på straffe i det 27. minutt. Starten av 2. omgang var heller ikkje god og ein kom raskt under 3-1. Noko som også vart sluttresultatet sjølv om Norborg hadde sine sjansar, blant anna eit skot i tverra av Andreas Larsen Beite. – Vi gir bort enkle mål i starten av kvar omgang, men var elles fullt på høgde med dei og burde ha fått med oss poeng heim, sa Tarjei Urkedal.
Tapte lokaloppgjeret mot Ravn
Norborg måtte sjå seg slått 2-4 av Ravn i kveldens lokaloppgjer på ei sleip Uggedalsmatte. Ravn fekk ein pangstart på kampen då Teodor Klokset Lilleng sitt innlegg vart omgjort til eit praktfullt skot i fin boge over keeper og ned under tverrliggaren. Eit noko tilfeldig mål, og tilfeldigheite, flaks og uflaks skulle det bli ein del av denne regnfulle kvelden. Like etter at Norborg hadde ei heading i tverrliggaren, auka Nikolas Fjørtoft til 0-2 i det 27. minutt. Målet kom etter litt klabb og babb på ein corner der ballen til slutt havna hos Fjørtoft som enkelt breisida ballen i mål frå kloss hald. Kristoffer Søviknes banka inn redusering like etter då han er vaken frampå ein retur etter eit skot av Eirik Vågnes. Norborg var også nør utlikning, men 1-2 stod seg til pause i ein jamn omgang. Norborg starta best etter pause og hadde ein dobbeltsjanse etter corner, men ti minutt ut i omgangen vart ein redusert til ti mann. Då vart oppgåva for tøff og Nikolas Fjørtoft og Ole Johan Urke auka Ravn si leiing til 1-4. Ådne Hellandsvik pynta på resultatet i sluttsekunda med eit flott skot. Jamnt første 55. minutta og Ravn med kontroll då dei var ein mann meir. Les meir..
Surt tap mot Valder
Norborg måtte torsdag kveld sjå seg slått 1-2 av Valder på Uggedal stadion. Etter ein mållaus 1. omgang sendte Oskar Telvik Valder i føringa eit kvarter ut i 2. omgang. Valder var også nær å doble leiinga før Norborg vakna og sette inn eit trykk som til slutt gav utlikning ved NikolaI Jensen i det 77. minutt. Banens beste Per Kristian Grytten Søvik var nær å sende Norborg i føringa nokre minutt seinare, men avslutninga gjekk i stolpen. I staden er det Michael Akslen som gir Valder 1-2 i angrepet etter. Norborg gav det eit forsøk på slutten, men makta ikkje å få med seg poeng. Les meir..
Heimekamp mot Valder torsdag kl. 1830
Norborg tek torsdag kl.1830 imot Valder på Uggedal stadion. Tarjei Urkedal vart matchvinnar i tidenes første seriekamp mellom laga i 2001. Kan han gjere det igjen? Møt opp å sjå.
Poengdeling mot topplaget!
Med Kjetil Rekdal på sidelinja haldt Norborg Giske til 1-1 på Uggedal stadion måndag kveld. Giske starta kampen best, men kampen jamna seg ut då Giske sin keeper Robert Sundby vart vist det raude kortet i det 13. minutt. Preben Giske Olsen gav gjestane leiinga like før pause etter at vertane hadde hatt corner. Norborg utlikna på eit frispark av Lars Alvestad Mikalsen ti minutt ut i 2. omgang. Norborg var i denne perioden det førande laget, men det vart med det eine målet. I dei siste ti minutta fekk vi sjå kaosfotball der Giske nok var nærmast å ta alle poenga. Begge laga gjekk misnøgde av bana og då er vel poengdeling greit.
Les meir..