Fredag kl. 1830 er det endeleg klart for 4. divisjonsfotball i Uggedalen då “nyopprykka” Langevåg tek turen. Mykje har skjedd sidan ein slo Hareid 2-1 25. oktober 2019 og sikra 8. plass. Av dei 11 mest nytta spelarane i 2019 så står vi igjen med 4 spelarar til denne kampen. Kjell Terje Brusdal og Marius Rogne har lagt opp, Magnus Austbø Seth flytta til Trondheim hausten 2019 og har ikkje flytta tilbake, medan Ole Johan Urke har meldt overgong til Ravn.
Tor Abelseth spelte alle kampane i 2019, men er ute med skade. Gard Rogne, som spelte nest mest i 2019, er opptatt med 2. divisjonsfotball. Per Kristian Søvik må testast før kamp grunna ein skade. Dermed står vi igjen med følgjande fire spelarar: Ådne Hellandsvik, Fredrik Hurlen, Jesper Vos og Nikolai Jensen, som har flytta til Bergen for å studere, men blir med i denne kampen.
Spelarar som var delvis med i 2019, som vi får sjå meir til av i haust er Per-Kristian Helle Hildre, Thomas Aarsund og Eirik Vågnes. I tillegg så har det kome opp ein del unggutar som vil gjere seg bemerka, saman med ein profil i frå Grytastranda som tek på seg ei oransje trøye for første gong på fleire år…
Motstandar Langevåg vann 5. divisjon 2019 etter ein hard kamp mot Hovdebygda og FK Sykkylven. Laget gjekk heile sesongen utan heimetap og scora totalt 72 mål på 22 kampar. Simon Vågnes var toppscorar med 24 mål, men han har gått til Spjelkavik. Trenar Svein Arne Sunde seier til Sunnmørsposten av målet er å halde seg i divisjonen. Sunnmørsposten på si side tippar laget på 11. plass.
Sjølv om Brattvåg også spelar kamp denne dagen, så trur vi Norborg/Brattvåg2 er såpass sterke at Langevåg blir slått. Tips: H
Dommar: Martin Javier Solheim (Emblem)
Assistentar: Tor Ove Myrset (FK Sykkylven) og Jonny Dyb (Giske)
Andre kampar:
SIF/Hessa – Larsnes/Gursken 0-2
Hødd2 – Emblem Fredag
Bergsøy – Valder Fredag
Herd – Hovdebygda utsatt
Hareid – Rollon utsatt