Norborg held denne veka fotballskule for 54 barn i Uggedalen. Instruktør er Jonas Storlykken frå Ålesund, med hjelparar frå juniorlaget. Det starta med litt dårleg ver, men det stoppa ikkje fotballgleda til barna. Dei stortrivst og koser seg med dyktige leiarar, god mat og frukt, og mykje fotball. Her er eit knippe bilete frå veka. (Oppdatert med bilete frå fredag)
Les meir
Category Archives: Nyheiter Aldersbestemt
G19: Rakna mot Spjelkavik
Spjelkavik – Norborg/Brattvåg/Harøy 6-2 (1-0)
G19 1. divisjon, Spjelkavik KGB, 11.06.2018
1-0 Jens Dybdal (3)
2-0 Kristian Tennfjord Engås (47)
2-1 Magnus Austbø Seth (49)
2-2 Markus Sønderland Hurlen (58)
3-2 Kristian Grande (65)
4-2 Erik Florvaag (73)
5-2 Kristian Grande (77)
6-2 Hajrs Salih (86)
Då Markus Hurlen utlikna til 2-2 ein halvtime før slutt, var det få som trudde det skulle bli stortap for dei anleiinga gule frå Haram. Men Spjelkavik sette inn ein skikkeleg sluttspurt og scora fire i løpet av dei siste tjuefem. Les meir
Juniorane slo topplaget!
Norborg/Brattvåg/Harøy – Bergsøy 4-2 (1-0)
G19 1. divisjon, Uggedal stadion, 28.05.2018
1-0 Gard Rogne (14)
2-0 Vidar Nilsen Rogne (49)
3-0 Sander Harnes (57)
3-1 ? (62)
4-1 Igor Pekarskiy (66)
4-2 ? (82)
Juniorane har ikkje hatt den beste starten på sesongen, men i kveld slo dei ut i full blomst og påførte tetlaget Bergsøy årets første tap. NorBraHar klatra dermed til midten av tabellen.
Yrande liv i Uggedalen
Laurdag 5. mai haldt Norborg turnering for dei minste aldersklassene (6-9 år) i fotballen med talentfulle spelarar frå Blindheim, Brattvåg, HaNo, Harøy, Ravn, Skodje, Stordal og Norborg. Totalt stilte desse 8 klubbane med 68 lag. Det var dermed eit yrande liv i Uggedalen denne maidagen.
Les meir
Fotballskule 2018!
Det blir fotballskule på Uggedal Stadion i veke 26 (25. – 29. juni) for jenter og gutar i alderen 7 til 14 år. Leiar for fotballskulen blir Jonas Storlykken, samt instruktørar frå juniorlaget. Påmeldingsfrist er 5. juni. Plassen er sikra når betaling er registrert, betalingsfrist er 10. juni 2018
Les meir..
Stiller med 12 aldersbestemte lag
Norborg har meldt på totalt 12 aldersbestemte lag i 2018 og stiller lag i følgjande klasser:
Gutar 7 år, Gutar 8 år, Gutar 9 år, Gutar 10 år, Gutar 11 år, Gutar 12 år og Gutar 19 år.
Jenter 7 år, Jenter 9 år, Jenter 10 år, Jenter 12 år og Jenter 13 år.