Etter at bygdekampane mellom Grytastranda og Søvik tok slutt i 2012, har det blitt showkampar mellom Norborg og Haram.
2016:
Grytastranda/Søvik – Haram/Sandøy 1-1 (0-0), 5-4 på straffer
G19, showkamp, Uggedal kgb, 05.11.2016
1-0 Benjamin Fjellsted (49)
1-1 Jørgen Hatlehol (86)
I ein tett kamp mellom to defansivt godt organsierte lag måtte det straffesparkkonkurranse til for å få ein vinnar. Etter at begge lag bomma ein gong på sine fem første straffer, redda keeper Joakim Kjærstad Haram/Sandøy si 6. straffe. Lars Mikalsen sette den avgjerande straffa sikkert i nota for Norborg-land.
2015:
Grytastranda/Søvik – Haram 3-2 (2-1)
Uggedal KGB, 07.11.2015
Sjansar: 7-9
Cornere: 6-5
0-1 Joakim Roald (22)
1-1 Kristian Søviknes (23)
2-1 Tarjei Urkedal (44)
2-2 Kristoffer Hildrestrand (49)
3-2 Steffen Grytten (76)
G/S var det beste laget før pause og gjekk til pause med fortent leiing, men etter den korte kvila hadde Haram flest sjansar etter ei tidleg utlikning. Det var likevel dei oransje som til slutt kunne juble etter eit vakkert skot av Steffen Grytten eit kvarter før slutt. Haram hadde fleire store sjansar på slutten, men banens beste, keeper Joakim Kjærstad, varta opp med fleire klasseredningar.
Kampen opna i roleg tempo mellom det ein kan kalle to 4. divisjonslag sjølv om begge lag mangla nokre spelarar. Grytastranda/Søvik kom seg til den første sjansen i det 17. minutt, men Tarjei Urkedal sette ballen i stolpen. Haram hadde lite å by på i denne omgangen, men scora på sin eine sjanse då Joakim Roald klinka ballen i nota frå 20 meter halvvegs ut i omgangen. Dei oransje kvitterte raskt då Kristian Søviknes vart spelt igjennom og scora åleine med keeper Espen Wold, for øvreg på lån frå Grytastranda/Søvik.
Ole-Kristian Aarseth var nær ved å gi G/S føringa etter ein halvtimes spel, men keeper Wold vann duellen og fekk slått til corner. Minuttet før pause skulle likevel dei oransje få leiarmålet sitt då Steffen Grytten slo ei fantastisk pasning i bakrom til Aarseth. Han fekk eit litt dårleg touch når han skulle runde keeper og kom på for skrått hald til å avslutte sjølv. I staden fann han alltid løpsvillige Tarjei Urkedal framfor mål som scora frå kloss hald til 2-1.
Etter kvila var Haram det førande laget og fekk også ei rask utlikning då Hans Edvard Nordang tok med seg ballen opp mot 16 meteren før han fann Kristoffer Hildrestrand som scora sikkert frå 10-12 meter. Hildrestrand fekk også høve til å gi Haram leiinga, men keeper Joakim Kjærstad stod glimrande. I staden klinka Steffen Grytten inn 3-2 til Grytastranda/Søvik eit kvarter før slutt. Haram fekk tre gode sjansar i sluttminutta, men Kjærstad stod som ein levande vegg. Dermed tok Grytastranda/Søvik sin andre siger over Haram.
Grytastranda/Søvik: Joakim Kjærstad – André Larsen, Kjell Terje Brusdal, Elling Mikal Kalvø, Steffen Grytten – Ådne Hellandsvik, Tarjei Urkedal, Christian Sæther, Marius Gamlem – Kristian Søviknes, Ole-Kristian Aarseth. Innbyttarar: Tor Abelseth, Nikolai Jensen, Denis Sjåstad og Eivind Fjørtoft.
Haram: Espen Wold – Kristoffer Hildrestrand, Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Eivind Gjerde, Frank Dalhaug, Joakim Roald – Fredrik Krogsæter, Øyvind Sundnes, Arnel Colic. Innbyttere: Bendik Brunvoll, Mathias Vatneødegård, Stian Skogvoll og Mathias Fjørtoft.
Dommar: Geir Ove Grønli (Kaupanger)
2014:
Grytastranda/Søvik – Haram Athletics 8-4 (3-2)
Uggedal KGB, 31.10.2014
Sjansar: 11-6
Cornere: 4-5
1-0 Ole Johan Urke (4)
2-0 Ådne Hellandsvik (9)
3-0 Tarjei Gjerset Urkedal (15)
3-1 Jan Tore Fjørtoft (26)
3-2 Per-Stian Alvestad (38)
4-2 André Larsen (43)
5-2 Ådne Hellandsvik (45)
5-3 Henning Koppen (50)
6-3 Elling Mikal Kalvø (53)
7-3 Ole-Kristian Aarseth (68)
7-4 Kristoffer Hildrestrand (73)
8-4 Kristian Søviknes (76)
Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)
Grytastranda/Søvik gjekk sigrande ut av prestisjekampen mot importspelarane i Norborg med vener. Det direktespelande GS-laget gjekk rett i strupa på Haram og leia 3-0 før kvarteret var spelt. Kampen jamna seg noko ut etter dette og Haram laga spenning på slutten av 1. omgang med to mål, men etter pause var det ingen tvil kvar sigeren skulle gå.
Det var to lag med ulike spelestiler som møttast i Uggedalen fredag kveld. Grytastranda/Søvik med sin direkte og innsatsfylte fotball mot Haram Athletic sin ballkjælande stil. Vi ana også ei viss undervurdering frå Haram Athletic då lagleiinga Hans Edvard Nordang og Kristoffer Hildrestrand valde å sette seg sjølve på benken frå start. Det skulle koste dyrt for dei oransje frå Grytastranda/Søvik gjekk til kampen med stor alvor og banka inn tre mål før kvarteret var spelt. 1-0 kom i det 4. minutt då Ole Johan Urke kom seg fri og banka ballen stolpe inn med venstra. Ådne Hellandsvik ville også vere med på moroa og banka ballen i vinkelen frå 15 meter. 3-0 sette Tarjei Urkedal inn då han heada eit innlegg frå Ole Henrik Hildrestrand i mål heilt oppe ved vinkelen. Tre flotte mål av dei oransje.
Etter kvart begynte Haram Athletic å vakne og heimelaget si 3-backslinje starta å få problem. I det 26. minutt fann Brattvåg-spelar Jan Tore Fjørtoft seg sjølv heilt åleine med keeper Olsen og sette kaldt inn Haram Athletic si første redusering. Like før pause sette den lovande juniorspelaren Per-Stian Alvestad inn 3-2 frå kloss hald etter at G/S ikkje greidde å klarere ein corner.
Dei som trudde 2. omgang skulle bli spennande tok feil. Nok ein gong gjekk G/S hard ut og scora to mål på fem minutt. André Larsen lobba inn 4-2 frå 16 meteren, medan Ådne Hellandsvik sette inn 5-2 etter forarbeid av Ole-Kristian Aarseth. Henning Koppen reduserte til 5-3 då han heada inn ein corner før det var klart for årets mål i Uggedalen. Kristian Søviknes presenterte før kampen eit cornertrekk. Dei fleste cornertrekka fungerer sjeldan, men dette skulle slå til i full blomst. Kristian Søviknes sin corner fann Elling Mikal Kalvø på 16 meteren og han banka inn 6-3 på heil volley. Ei fantastisk scoring. Ole-Kristian Aarseth lobba inn 7-3 frå 22 meter før Kristoffer Hildrestrand reduserte til 7-4 då han frå skrått hald sette ballen inne ved nærmaste stolpe. Fire minutt før slutt sette Kristian Søviknes punktum for scoringsshowet då han sette ballen oppe ved vinkelen frå 25 meter. Dermed 8-4 og vi fekk endeleg sjå norborgarar vise effektivitet framfor mål. Det lover godt framfor sesongen 2015.
Dommar Odd Arne Grande stilte sporty opp som dommar.
Grytastranda/Søvik: Ronald Søvik Olsen – Kristjan Haidla, Elling Mikal Kalvø, Kristian Søviknes – Ole Henrik Hildrestrand, Ole-Kristian Aarseth, Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke – Ådne Hellandsvik, André Larsen. Innbyttarar: Christian Søvik, Eivind Fjørtoft og Stian Volstad.
Haram Athletic: Børt Tore Marthinussen – Oddmund Davik Otterlei, Henning Koppen, Erlend Coates, Daniel Aakre, Bendik Brunvoll, Jan Tore Fjørtoft, Hazhin Hassan, Øyvind Sundnes, Joakim Roald, Per-Stian Alvestad. Innbyttarar: Hans Edvard Nordang, Kristoffer Hildrestrand og Alexander Eide.