Tapte for Giske

Norborg spelte torsdag kveld treningskamp mot 5. divisjonslaget Giske og måtte sjå seg slått 0-1. Avgjersla fall allereie 20 sekund ut i kampen.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Ruben Stavik, Ole Johan Urke, Robin Hånde, Markus Søvik Gunnarsson – Ole Martin Fevåg, Tarjei Urkedal, Kai Kitsadakon, Nizar Aldarwish – Marius Stavik, Markus Torgersen. Innbyttar: Torgeir Vik.

Uavgjort mot Ellingsøy

Norborg spelte måndag 2-2 mot Ellingsøy på Nes stadion. Norborg starta kampen best, men greidde ikkje å utnytte sjansane. Det gjorde Ellingsøy som tok leiinga etter tilfeldigheiter framfor mål. Ådne Hellandsvik utlikna nokre minutt seinare i ein omgang Norborg burde ha leia med eit par mål. Etter pause gav Ruben Holmeset Norborg føringa då han sette ein retur i mål. Norborg mista rytma mot slutten av kampen og Ellingsøy tok over spelet. Fem minutt før slutt kom også utlikninga.

Laget: Jann Tore Søvik – Markus Søvik Gunnarsson, Ole Johan Urke, Anders Toven, Niklas Rekdal – Kai Kitsadakon, Nicholas Kvammen, Ådne Hellandsvik, Ruben Holmeset – Markus Torgersen, Tarjei Urkedal. Innbyttarar: Lars Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Ruben Stavik, Jørn Håvard Varpe Uggedal, Torgeir Vik, Nizar Zakariya Aldarwish (debut) og Matthew Olyver (debut).

Urke og Kitsadakon klar for Norborg

Ole Johan Urke og Kai Kitsadakon har signert for Norborg. Urke er tilbake i Norborg etter å ha spelt for Ravn frå 2021 til 2024. Urke har tidlegare spelt 382 kampar og scora 106 mål for Norborg sitt A-lag. Han er ein merittert spelar med krinsmeisterskap for Norborg i 4. divisjon i 2008 og 2013, 5. divisjon i 2018 og i 6. divisjon for Norborg 2. lag i 2007. Kitsadakon er 18 år og kjem frå Grytastranda, men har spelt ungdomsfotball i Brattvåg. Han debuterte på A-laget til Norborg/Brattvåg2 i bortekampen mot Bergsøy hausten 2023. Kai er ein teknisk og rask ving som viste seg fram med målgjevande i treningskampen mot Lepsøy/Harøy sist fredag. Vi ønsker begge velkomen til Norborg.

Tapte første treningskamp

Norborg fekk ein god start i årets første treningskamp og leia 2-0 over Lepsøy/Harøy når ein dryg halvtime var spelt. Nicholas Kvammen sendte vertane i føringa etter ein flott soloprestasjon halvvegs ut i omgangen, medan Ole Martin Fevåg dobla leinga ti minutt seinare då han sette eit innlegg frå Kai Kitsadakon. Norborg var gode i denne halvtimen og kunne med litt marginar ha leia med større siffer. I minutta inn mot pause tok kreftene slutt og Lepsøy/Harøy kom sterkt tilbake med to raske mål. Norborg starta også 2. omgang best, men 8 minutt ut i omgangen kontra gjestane inn 2-3. Etter dette rakna Norborg og Lepsøy/Harøy vann komfortabelt 2-6.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Jann Tore Søvik, 60) – Ruben Stavik (Jørn Håvar Varpe Uggedal, 60), Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Stavik, 69), Markus Søvik Gunnarsson – Ole Martin Fevåg (Torgeir Vik, 60), Niklas Rekdal, Nicholas Kvammen, Kai Kitsadakon (Olsen, 65) – Marius Dulgheru, Markus Torgersen.

Futsal: Romjulscup søndag 29. desember i Norborg Fleirbrukshall

I 2022 blei det for første gang arrangert Norborg-cup, og det syns vi var så gøy, at vi køyre på i år igjen! Her er det lavterskel og vi ønska alle
velkomen! Kompisgjengar, jenter og gutar, tidlegare aktive og noverande aktive, spel med den gleda du har! Vi har ei maksgrense på 16 lag, og om
det blir eitt eller fleire damelag avgjer om vi dele opp i herre- og dameklasse. Det vil bli kiosksalg, speaker og livetjeneste!

Reglar:
Max 10 spelarar per lag.
Pris per deltakande lag: 1000,-
Nedre aldersgrense på 16 år (født 2008).

Påmeldingsfrist 20. desember og er bindande etter det.
Påmelding på e-post til norborg24cup@gmail.com
Betalingsinfo kjem på e-post etter påmelding.
Lagleiar sørger for at betalingen skjer samla.
Navn på alle spelarane meldast ved påmelding, samt telefonnummer til lagleiar.
Farge på trøye meldast frå ved påmelding.

Det vil bli spelt med futsalballar. Vi håper du vil vere med. Vél møtt!

Ronald spelte mest!

Ronald Søvik Olsen var Norborg sin mest benytta spelar i årets sesong med 1796 minutt, inkludert kampen mot Bergsøy2. Nummer to på lista er det unge stjerneskotet Nicholas Kvammen. Midtbanetalentet som fyller 16 år seinare denne månaden stoppa på 1645 minutt. Han fekk dermed drøye 100 minutt meir enn sjefen sjølv, Niklas Rekdal. Totalt spelte 40 gutar og menn i alderen 15 til 42 år kampar for Norborg i årets 5. divisjon. Heile lista finn du her.