Storhornet

Høgste punkt: 584 m.o.h.
Startsted: Engeset
Tid: ca. 1 time
Parkering: ET Hydraulikk
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik, Gryta
Tid: ca. 1-2 timer
Kan kombinerast med: Litlehornet, Breiskarvatnet, Tverrbotshornet

Storhornet er sjølve høvdingen av dei tre “horna” vest for Grytadalen med sine 584 meter over havet. Her får ein flott utsikt mot vest, aust og sør. Bak Storhornet ligg Skålbotsheia som faktisk ragar 30 meter over Storehornet. Ein tur til Storehornet passar også fint vinterstid når ein går opp frå Grytadalen. Dei fleste som tek turen til Storhornet startar på Engeset. Her er det ei fin rås opp frå Myrane med jamn bratt stigning heile vegen. Dei best trente brukar rundt ein halvtime, medan vanlege mosjonistar kan rekne med rundt timen.

Bur du i Søvika så er det også lett å kome seg til Storhornet. Den raskaste vegen går frå fotballbana, over skytebana og opp mot Engesetskaret. I Engesetskaret kan det vere noko fuktig å gå. Ein kan også følge vetevegen, ta av mot Tverrbotshornet/Breiskarryggen, gå ned mot Breiskarvatnet, over Skålbotsheia og til Storhornet. Turen til toppen vil då ta nærare 1,5 time, men anbefalast på det sterkaste. Heimattvegen tek ein gjennom Engesetskaret og ned mot fotballbana.

Storhornet sett frå Litlehornet.

Norborg si postkasse på Storhornet.

Raskaste veg til Storhornet er frå Engeset på Grytastranda. Ein kan då parkere ved ET Hydraulikk.


Går ein opp i frå Engeset så vil ein i Engesetskaret ha valet om å gå på Litlehornet eller Storhornet.

Storhornet sett frå Skålbotsheia.

Går ein opp vetevegen og mot Tverrbotsfjellet vil ein i Øvre Breiskarryggen få valet om ein vil gå til Tverrbotshornet eller Breiskarvatnet og Storhornet.