Breiskarvatnet

Høgste punkt: 429 m.o.h.
Startsted: Søvika (vetegarasja)
Tid: 1 time
Parkering: Vetegarasja
Bokregistrering: Nei
Alternativt startsted: Søvik (fotballbana) / Engeset
Tid: 45 min
Kan kombineres med: Tverrbotshornet, Storehornet, Litlehornet

Terreng:
Frå Engeset: Fin rås opp frå Engeset “sentrum”. Jamn stigning opp til Engesetskaret, deretter flater det ut. Stigning opp mot vatnet.

Frå Søvik: Start ved skytebana og følg Breiskarselva opp til vatnet. Ei lengre rute er å gå vetevegen og ta av mot Tverrbotshornet. Når ein kjem til Øvre Breiskarrygg tek ein til høgre. Etter ei lita stigning går ein nedover mot vatnet. Råsa er vanskeleg å sjå, om der er ei? Nedgong i lyng og stein. Pass på skjulte groper.

Breiskarvatnet var fram til 1960-åra eit godt fiskevatn, men så sette diverre nokon det lille vatnet fullt med garn, og det har sidan vore tomt.

Breiskarvatnet sett frå Skålbotsheia.

Norborg sin post ved Breiskarvatnet.