Høgefjellet/Oføret

Høgste punkt: 225 m.o.h.
Startsted: Hamnsundet/Uggedalen
Tid: 10-20 min
Parkering: Fergekaia, i svingen eller ved busslomma
Bokregistrering: Ja
Poeng: 2
Alternativt startsted: Søvika
Tid: 30
Kan kombineres med: Litlehornet

Oførefjellet, eller Høgefjellet, som det eigentleg heiter, er eit fjell for dei som berre vil ha seg ein kort tur. Dei fleste som går dit startar frå Grytastrand-sida, men også frå Søvika er det fin rås opp til varden.

Då vi tok turen starta vi i Hamnsundet. Her er det ei fin trapp som markerer starten. Det er fin og tydeleg rås heilt til toppen. Etter ei slakk opning blir det brattare før det blir slakkare igjen ved omtrent halvgått løype. Ved regn er råsa sleip på enkelte plassar.

Høgefjellet sett frå Bjørnøya:

Varden på Høgefjellet.

Kjem ein i bil kan ein parkere på ein liten plass i Hamnsund-svingen.

Denne trappa markerer starten på stien.

Postkasse og registreringsbok på toppen. Denne finn du bak steinen litt aust for varden.