Høgste punkt: 291 m.o.h.
Startsted: Vetegarasja
Tid: 60-90 min
Parkering: Ved vetegarasja / fotballbana
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Hildredalen
Tid: –
Kan kombineres med: Søvikvarden
Terreng:
Start ved vetegarasja og følg vegen opp mot Gamlemsveten. Etter ca. 30 minutt tek ein av mot høgre. Terrenget går då i lyng, gras og til dels myr.
Vi anbefalar å gå den høgstliggande råsa. Den er langt tørrare og tydlegare enn den som ligg lågare.
Ein går då langs vetevegen i ca. 25-30 minutt til ein kjem fram til skiltet. Flatt terreng heretter før det går nedover til vatnet.
Etter å ha tatt av frå vegen og gått i ca. 15 minutt splittar råsa seg. Ein kan ta til høgre for å gå til Tverrbotshornet eller fortsette rett fram ned til Søvikvatnet. Etter å ha passert dette skiltet så vil råsa splitte seg igjen. Ein må då halde til høgre.
Norborg sin post er på ei “hytte” der vi har markert ein X på biletet over.