Hagefjellet

Høgste punkt: 254 m.o.h.
Startsted: Søvik
Tid: 30 min
Parkering: Vetegarasja
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik (ovanfor Spar) og Gamlem
Tid:
Kan kombineres med: Søvikvarden, Olausdalen, Reinhausen, Gamlemsveten

Hagefjellet ligg ovanfor Søvik og lettaste tilkomst er om du startar ved vetegarasja. Etter 3-4 minutts gange tek du av til venstre og følger “pensjonistvegen” til endes. Vegen har lettare stignig og egnar seg godt til jogging. Etter 15-20 minutt er det ei kort stigning opp mot Norborg si postkasse. Her får du fin utsikt over Søvik og Terøy.

Hagefjellet ligg ovanfor verftet i Søvika.

Startar ein ved vetegarasja har ein gode parkeringstilhøve.

Etter nokre minutts gange kjem ein til eit kryss. Ta til venstre.

Fin veg i slakk motbakke. Vegen blir populært kalla “pensjonisten”.

På toppen av den flotte grusvegen er det bokregistrering og rasteplass.

Grusvegen tek slutt og ein går over på ein traktorveg dei neste 5-600m. Ved enden av den tek ein opp til høgre mot Hagefjellet. Fin og normalt tørr rås. Det tek ca. 5 minutt å gå opp stigninga. Totalt tek det ca. 25-30 i normal gange frå vetegarasja.

Norborg sin post på Hagefjellet.

Flott utsikt over Søvika frå toppen.