Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-2 (0-0)
4. divisjon, Ebbemyra, 22.10.2021
0-1 Magnus Otterlei (47)
1-1 Marcus Steffensen (51)
1-2 Tobias Jensen (80)
2-2 Alexandru Ionut Barboiu (str. 94)
Utgangspunktet for både Emblem og Norborg/Brattvåg2 var før kamp at eitt poeng var nok til ståplass i 4. divisjon. Det var vel då inga oddsbombe at kampen enda med 2-2 og eitt poeng til begge lag. Ingen av laga ofra alt offensivt og det stod mållaust til pause. Norborg ville nok hakket meir enn heimelaget og skapte mest framfor mål. Det var dermed greit at Magnus Otterlei sende oransjetrøyene i føringa to minutt etter pause. Gleda varte likevel ikkje lenge for Marcus Steffensen utlikna få minutt etter. Norborg tok på nytt føringa på eit dribleshow av dei sjeldne då Tobias Jensen runda 8 mann og sette ballen i nota ti minutt før slutt. Fire minutt på overtid utliknar Alexandru Barboiu på det som Norborg-leiren sa var ei billeg straffe. – Sjølv om vi er glade for poeng og ståplass så er spelarane er litt skuffa etter denne kampen. Vi skaper mest, og har truleg også eit par baller til over streken som det ikkje blir dømd mål på. Surt at det blir utlikning på overtid, men uansett, vi greidde det viktigste, å stå i divisjonen, sa trenar Kristian Søviknes.
Laget: Sander Arntsen – Tobias Jensen (Jesper Vos, 81), Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Henrik Hurlen (Ådne Hellandsvik, 58) – Thomas Aarsund, Ulrik Havnsund, Igor Leonov, Martin Koch – Eirik Vågnes (Stian Fjørtoft Klokk, 88), Magnus Otterlei.