Norborg/Brattvåg2 – Rollon 0-5 (0-2)

Norborg/Brattvåg2 – Rollon 0-5 (0-2)
4. divisjon, Uggedal KGB, 15.10.2021

Sjansar: 3-8
Cornere: 1-16

0-1 Daniel Gjerde (10)
0-2 Jonas Nordal (15)
0-3 Tobias Fjørtoft (57)
0-4 Andreas Blindheim (78)
0-5 Jon Kristian Røsok (83)

Norborg/Brattvåg2 gjekk på eit nytt stortap på heimebane då Rollon gjesta Uggedalen. Rollon tok kommandoen frå start av og beleira heimelaget sin banehalvdel, men trass eit massivt trykk sleit gjestane med å skape dei store sjansane mot eit kompakt heimelag. Det måtte difor langskot til for å få ballen i nota. Daniel Gjerde prikka inn det første og Jonas Nordal det andre. Begge med godt plasserte skot frå nærare 25 meter.

Norborg fortsette å tenke målskilnad i botnstriden og hadde ikkje tenkt å gå meir offensivt til verks trass 0-2 i sekken. Rollon fortsette dermed å dominere banespelet utan å kome seg til sjansar med høge xG-verdiar. Eit annullert mål for offside, eit skot i tverra frå distanse og ein lobb utanfor av Gjerde frå skrått hald var det nærmaste. Norborg på si side var knapt over midten dei første 30 minutta, men løfta seg litt mot slutten av omgangen og kom seg til ein sjanse då Ulrik Havnsund heada ein corner over mål.

Kampen fortsette i same spor etter pause med Rollon som det førande laget. Tobias Fjørtoft putta 0-3 frå kloss hald før Norborg spelte seg fram til eit par sjansar ved Fredrik Hurlen og Eirik Vågnes. Så kom fem svake minutt av heimelaget. Andreas Blindheim fekk stå heilt åleine og heade inn ein corner, som for øvreg Rollon hadde heile 16 stykk av. Det er ny rekord mot Norborg sidan vi starta å telle for tjue år sidan. Jon Kristian Røsok fastsette resultatet til 0-5 på eit skot frå 17 meter.

Dermed tre forventa og fortente poeng til Rollon i ein kamp som minna meir om ei treningsøkt mellom eit lag som trena på defensiv organisering o det andre på spel mot etablert forsvar.

Tor Abelseth vart kåra til heimelaget sin beste spelar.

Norborg spelar sin siste kamp for året borte mot Emblem fredag kl. 1830. Poeng i denne kampen gir ståplass, medan ein med tap er avhengig av at Langevåg og Valder ikkje vinn over SIF/Hessa og Hareid.

Laget: Sander Arntsen – Tobias Jensen, Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal, Henrik Hurlen – Eirik Vågnes, Nikolai Jensen, Ulrik Havnsund, Igor Leonov, Martin Koch (M. Otterlei, 80) – Magnus Otterlei (Fredrik Hurlen, 60).