Hareid – Norborg/Brattvåg2 1-2 (1-1)
4. divisjon, Hareidsmyrane KGB, 24.09.2021
1-0 Petter Haddal Worren (6)
1-1 Thomas Aarsund (str. 15)
1-2 Eirik Koppen Vågnes (61)
Norborg/Brattvåg2 vann det viktige botnoppgjeret mot Hareid med 1-2. Det starta dårleg då Petter Worren ga heimelaget ei tidleg leiing, men for første gong sidan ein sist møtte Hareid den 25. oktober 2019, snudde Norborg/BIL2 ein kamp. Thomas Aarsund sørga for balanse i rekneskapen med sitt straffemål eit kvarter ut i kampen. Eit kvarter ut i 2. omgang vart Eirik Koppen Vågnes helten då han sende oransjetrøyene i føringa. Eit resultat som stod seg kampen ut. Norborg/BIL2 kom seg dermed over nedrykksstreken. Dette var for øvreg siger nummer 400 sidan starten i 1968.
Heimelaget starta kampen best og seks minutt ut i kampen sette Petter Worren inn eit frispark frå 20 meter. Norborg/Brattvåg2 kom seg gradvis inn i kampen og eit kvarter ut i kampen fekk ein straffespark. Den sette Thomas Aarsund i nota til 1-1. Norborg/BIL2 var etter dette det beste laget, og hadde blant anna eit stolpeskot av Aarsund.
I 2. omgang var også oransjetrøyene best og tok fortent leiinga då Eirik Vågnes trilla ballen i mål dryge kvarteret ut i omgangen. Trass fleire gode sjansar vart det med det eine målet i denne omgangen også. Totalt fekk ein tre annullerte mål. Det eine av målet særs tvilsamt då Martin Koch la hardt inn framfor mål og ein Hareid-spelar sette ballen i eige mål. Assistentdommar vinka for at ballen var bak linja før innlegget vart slått, men det var feil, ifølgje Norborg sine spelarar. Vågnes og Sissoko stod bak dei to andre annullerte mål. Sissoko sitt på ein hårfin offside.
Heldigvis vart ikkje desse tvilsame annulleringane avgjerande for kampen sitt utfall, men målskilnad kan bli avgjerande i den tette botnstriden.
Kjell Terje Brusdal gjorde comeback i denne kampen og spelte for første gong sidan oktober 2019.
Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Helle Hildre, Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal, Tobias Jensen – Eirik Vågnes, Ådne Hellandsvik, Gard Rogne (Jesper Vos, 60), Martin Koch – David Sissoko, Thomas Aarsund.