Siger i serieopninga

Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 3-1 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 13.08.2021

1-0 Thomas Aarsund (44)
2-0 Martin Koch (52)
3-0 Thomas Aarsund (55)
3-1 Filip Dubicki (78)

Sjansar: 9-7
Cornere: 6-4
Avslutningar på mål: 5-7
Avslutningar utanfor: 9-6
Avslutningar blokkert: 4-1

Ein livleg Thomas Aarsund sørga for at Norborg/BIL2 tok tre viktige poeng i serieopninga mot Langevåg. Gjestane hadde i ein periode før pause sjansebonansa mot Norborg-målet utan å score før Aarsund minuttet før pause sette inn 1-0. Eit til då flatterande resultat, men det skulle motbevisast etter kvila. Då var heimelaget på hogget og styrte kampen totalt det første kvarteret. Martin Koch scora sitt første mål i 4. divisjon då han enkelt putta ballen i tomt mål etter forarbeid av Aarsund. Aarsund sjølv fekk ein like enkel jobb med å sette inn 3-0 etter at keeper gav retur på eit skot av Eirik Koppen Vågnes. Filip Dubicki reduserte dryge ti minutt før slutt, men Langevåg var ikkje i stand til å sette inn ein sluttspurt og truga dermed aldri dei tre poenga til dei oransje.

-Kjekt å kome i gong med tellande kamp igjen og vilja er nok betre enn kvaliteten. Vi ber nok preg av at det er lenge sidan sist og trengte ei stund på å finne rytme og kvalitet i det vi gjer. Vi får med oss ei leiing inn til pause noko som gir oss ein boost til 2. omgang då vi framstår med meir sjølvtillit og tryggleik. Eg er godt nøgd med gutane og tre velsmakande poeng i ein sesong då det er ekstra viktig å få ein god start sidan det berre er 11 kampar som skal spelast, seier trenar Kristian Søviknes.

Huskar du sist det var 4. divisjonskamp i Uggedalen? Dersom du ikkje huskar det er du i grunn heldig. For i 672 dager har vi venta på å revansjere 0-6 tapet for Volda. No er det riktig nok “berre” 658 dagar sidan vi feira 2-1 siger borte mot Hareid og ein trygg 8. plass, medan vi vart slakta i Sunnmørsposten for å bruke litt vél mange proffar frå Brattvåg. Til kampen mot Langevåg sende dermed SMP kamera og kommentator for å overvake at vi haldt oss på den smale sti denne gong. Ingen fare, for proffane var i Bærum. I Uggedalen skulle lokale unggutar herje.

Kampen opna jamt, med nokre små farlegheiter framfor begge mål utan resultat. Gradvis tok den tidlegare storheita Langevåg over kampen og heimelaget var både god og heldig som ikkje slapp inn både eitt og to mål i ein periode rundt halvtimen. Norborg/Brattvåg2 fekk samla seg inn mot pause, og ut av intet løfta Ådne Hellandsvik ballen inn i 16 meteren der Thomas Aarsund sneik seg framfor forsvaret, tok ballen flott med seg rundt keeper og løfta den opp i nettaket til 1-0. Dermed eit deilig flatterande resultat til pause.

Om det var den skadde kaptein Tor Abelset som putta noko i drikkevatnet, eller Kristian Søviknes som kom med nokre velvalde ord, skal vi la stå usagt, men det dei oransje viste etter pause var noko heilt anna. Ein tok tak i kampen og la eit vedvarande trykk på gjestane. 2003-modell Martin Fylling Koch gjorde tidlegare i veka 6 mål mot Spjelkavik i ein juniorkamp. I sin 4. divisjonsdebut viste han seg som ein målsnik med å putte 2-0 på blank kasse etter pasning frå Aarsund. Koch var nær å gjere 3-0 då han med ryggen mot mål styrte ballen mot krysset, men keeper var på plass og redda til corner. 3-0 skulle likevel kome raskt då Aarsund sette inn ein retur frå keeper etter skot av Eirik Koppen Vågnes.

Norborg/Brattvåg2 roa seg ned etter denne gode opninga, men fortsette å vere det førande laget. Torbjørn Gytten kom inn ein halvtime før slutt og aksla Norborg-trøya for første gong sidan barnefotball. Kort tid etter fekk han sjansen på halvspretten, men avslutninga frå 15 meter gjekk utanfor. Langevåg prøvde å sette inn ein sluttspurt det siste kvarteret. Christian Blomvik avslutta i stolpen, medan Filip Dubicki sette returen utanfor. Eit par minutt seinare er Dubicki heldigare då han frå skrått hald sette ballen under keeper og i nota. Heimelaget samla seg defensivt etter desse minutta med Langevåg-sjansar, og hadde full kontroll kampen ut.

Vi kårar Thomas Aarsund til heimelaget sin beste spelar. Han var involvert i alle tre mål og var elles livleg. Brødrene Nikolai og Tobias Jensen på stopparplassane var gode gjennom heile kampen, medan keeper Ronald Søvik Olsen gjorde fleire viktige redningar før pause.

Torsdag 19. august står bortekamp mot Larsnes/Gursken for tur.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Anders Toven, 80), Tobias Jensen, Nikolai Jensen, Stian Fjørtoft Klokk (Jesper Vos, 46) – Eirik Vågnes (Magnus Otterlei, 68), Igor Leonovs (Ruben Holmeset, 61), Ådne Hellandsvik, Thomas Aarsund – Martin Koch (Torbjørn Grytten, 61), Fredrik Hurlen (Leonovs, 80).

Dommar: Martin Javier Solheim (Emblem)
Assistentar: Tor Ove Myrset (FKS) / Jonny Dyb (Giske)