Det er fortsatt ikkje avklart kor mange lag som rykker ned frå 4. divisjon, men minst 1 lag må ned. For at berre eitt lag skal ned så må Herd halde seg i 3. divisjon og vinnaren av 4. divisjon Sunnmøre (Volda eller Bergsøy) må slå vinnaren på Nordmøre/Romsdal (Kristiansund BK 2). Rykker Herd ned og KBK2 rykker opp, rykker 3 lag ned. Skrekkscenarioet gjer at heile 6 lag på Sunnmøre er utrygge, saman med Blindheim, som allereie er klar for 5. divisjon om minst 2 lag rykker ned. Her er kampprogrammet for laga i faresonen.
SIF 24 poeng | Emblem 22 | GuLars 21 | Norborg 21 | Ørsta 21 | Hareid 17 |
---|---|---|---|---|---|
Valder (h) | Rollon (h) | Hødd2 (h) | Volda (h) | Bergsøy (b) | Blindheim (h) |
Emblem (b) | SIF/Hessa (h) | Hareid (b) | Hødd2 (b) | Valder (h) | Larsnes/Gursken (h) |
Rollon (b) | Ørsta (h) | Blindheim (h) | Hareid (b) | Emblem (b) | Norborg/BIL2 (h) |
Dersom vi legg vårens resultater til grunn vil SIF/Hessa ta 5 poeng, Emblem 1, Larsnes/Gursken 7, Norborg/BIL2 6, Ørsta 6 og Hareid 4. SIF/Hessa endar då på 29 poeng, Larsnes/Gursken 28, Norborg/BIL2 27, Ørsta 27, Emblem 23 og Hareid 21. Ein ting er sikkert. Spenninga vil vare heilt til siste runde den 25. oktober då Emblem møter Ørsta og Hareid møter Norborg/BIL2.