Rollon – Norborg/Brattvåg2 4-1 (3-0)

Rollon – Norborg/Brattvåg2 4-1 (3-0)
Rollon KGB, 20.09.2019

1-0 Ole Henrik Eriksen (2)
2-0 Jonas Nordal (19)
3-0 Daniel Gjerde (21)
4-0 Daniel Gjerde (str. 49)
4-1 Per Kristian Helle Hildre (86)

Norborg/Brattvåg2 gjekk på ein smell og tapte heile 4-1 i bortemøtet med Rollon. Heimelaget fekk ein pangstart med tre mål dei første 21 minutta. Eit tidleg straffemål i 2. omgang punkterte kampen for godt. Per Kristian Helle Hildre gav Norborg eit trøystemål like før slutt då han heada inn eit legg frå Per Kristian Grytten Søvik. Det målet sørga i alle fall at ein stadig har plussmål (33-32).

  • – Vi gjer ikkje det vi avtalte å gjere defensivt i 1. omgang. Vi har 5 store sjansar, men det er trøstesløst når vi forsvarer oss like spredt som hagleskot og ikkje står opp i duellane. Vi gjer ein godkjent 2. omgang då vi ligg meir samla og kompakt defensivt og også kjem oss til nokre sjansar, seie trenar Kristian Søviknes.

Laget: Sander Arntsen – Per Kristian Grytten Søvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Nikolai Jensen (Anders Toven, 46) – Gard Rogne (Tobias Jensen, 70), Ådne Hellandsvik – Ole Johan Urke (Jonas Holmeset, 46), Jesper Vos (Siver Davik, 46), Thomas Aarsund (Eirik Vågnes, 46) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 46).