Heimekamp mot Emblem torsdag kl. 1825

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag imot Emblem til viktig kamp i 4. divisjon. Norborg treng poeng for å halde botnlaga på trygg avstand, medan Emblem treng poeng for å kome seg bort frå nedrykkssumpa. Ingen av laga har vist god form etter ferien og ligg på 11. og 12. plass på hausttabellen. Norborg har tatt 3 poeng på dei 4 kampane, medan Emblem har tatt 2. Norborg har ikkje hatt med spelarar frå Brattvåg sin A-stall i haust, men til denne kampen vil Niklas Rekdal, Emil Solnørdal og Joakim Barstad vere med. Anders Toven vil ikkje vere med, medan Fredrik Hurlen og Kjell Terje Brusdal er usikre av dei som starta sist kamp.

Dette er det 30. seriemøtet mellom Norborg og Emblem. Emblem er dermed det laget ein har møtt tredje mest sidan starten i 1968. Vårmøtet enda med 5-2 til dei oransje.

Dommar: Haakon Javier Tronstad (Valder)
Assistentar: Dagfinn Berg Tjervåg (Hasundgot) og Kim Svensson (Aksla)