Norborg/Brattvåg2 – Ørsta 2-2 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Ørsta 2-2 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion. 14.06.2019

Sjansar: 4-6
Cornere: 2-2
Avslutningar på mål: 5-6
Avslutningar utanfor: 4-4
Blokkerte avslutningar: 1-1

1-0 Anders Toven (29)
1-1 Knut Erik Myklebust (59)
2-1 Magnus Austbø Seth (62)
2-2 Olai Vinjevoll (81)

Norborg leia to gongar, men Ørsta gav seg ikkje og fekk med seg eit fortent poeng heim til Søre Sunnmøre.

Kampen opna i relativt godt tempo med sjanse til både Ørsta og Norborg dei første fem minutta. Olai Vinjevoll burde ha gitt Ørsta leiinga før to minutt var spelt då han kom åleine med keeper Ronald Søvik Olsen, men avslutninga gjekk ein meter til side for mål. For Norborg fekk Magnus Austbø Seth sjansen då han heada eit frisparkinnlegg av Ole Johan Urke utanfor. Etter denne positive opninga fall intensiteten. Norborg trilla mykje ball, men fann ikkje opningane mot eit defensivt bortelag. Balltempo var svakt, spelarane stilleståande, og angriparar og kantspelarar fekk sjeldan ballen rettvendt mot mål. Då blir det vanskeleg å skape noko mot eit lag som ligg med samtlege spelarar godt inne på eigen halvdel.

Ein halvtime ut i kampen skulle likevel Norborg finne vegen til nettmaskene då Anders Toven heada eit innlegg frå Fredrik Hurlen klin oppe i krysset. Begge lag hadde eit par situasjonar framfor mål det siste kvarteret utan at vi kan kalle det målsjanse. At Norborg leia til pause var totalt sett greitt.

Norborg har vore divisjonens beste lag etter pause, men diverre ikkje denne gong. Ørsta ville meir i denne omgangen og tok initativet i kampen. Spesielt Sverre Orten var toneangivande. Eit kvarter ut i omgangen fekk Ørsta løn for strevet då Knut Erik Myklebust heada inn 1-1 etter innlegg frå høgre. Gleda varte likevel ikkje lenge for gjestane. Eit par minutt seinare var heimelaget sin storscorar Magnus Austbø Seth nådelaus på eit innlegg frå Per Kristian Helle Hildre å heada kontant i nota.

Ørsta gav likevel ikkje opp og produserte eit par sjansar før utlikninga kom då Olai Vinjevoll sette ballen presist i nota etter ein dødball. Norborg var nærmast sigeren i sluttminutta då både Fredrik Hurlen og Tobias Jensen truga mål, men det ville seg ikkje denne gong og kampen enda med poengdeling.

Neste kamp er borte mot Volda fredag 21. juni kl. 1900.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Per Kristian Grytten Søvik (Marius Fylling Rogne, 55), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Anders Toven (Tobias Jensen, 70) – Ole Johan Urke (Siver Davik, 52), Gard Rogne, Jesper Vos (Ådne Hellandsvik, 58), Magnus Jenssen (Eirik Vågnes, 58) (Jenssen, 87) – Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 58) (Hurlen, 87), Magnus Austbø Seth.