Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-2 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-2 (1-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 29.05.2019

Sjansar: 4-9
Cornere: 2-5
Avslutningar på mål: 3-7
Avslutningar utanfor: 3-4
Blokkerte avslutningar: 2-1

1-0 Magnus Austbø Seth (40)
2-0 Magnus Austbø Seth (58)
2-1 Daniel Gjerde (60)
2-2 Andreas Blindheim (str. 66)

Magnus Austbø Seth trudde nok han hadde avgjort kampen då han sette inn 2-0 etter pause, men Rollon gav ikkje opp, scora to raske mål og var nærmast sigeren sjølv om mange hevdar heimelaget vart snytt for straffe på overtid då Per-Stian Alvestad vart dratt i bakken. Likevel, Norborg/Brattvåg2 skal vere nøgd med poenget i ein kamp ein ikkje greidde å fram finspelet. På biletet seg vi stopparkjempen Anders Giske Hagen, som vi føler har stått å heada ut ballen sidan Rollon vart stifta i 1914.

-Skuffande kamp av oss. Vi slutter i perioder å spele fotball og inviterar Rollon inn i kampen. Mot eit så primitivt lag som Rollon så må vi kreve meir av oss sjøl og ikkje gå i den fella at vi let deira prinsipp styre kampbiletet. Nei, dette var skuffande, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Sjølv om Norborg har plukka ein del poeng meir enn Rollon hittil i sesongen, så var det spådd ein jamn kamp mellom laga. I målprotokollen viste det seg å stemme, men ute på bana var Rollon med sitt fysisk sterke mannskap betre mot eit heimelag som berre sporadisk greidde å få tempo på ball å få Rollon ut av balanse.

Det starta med stillingskrig dei første tjue. Begge lag hadde eit par forsøk framfor mål utan å lykkast, men etter kvart så tok Rollon meir og meir over og det låg eit mål i lufta til gjestane. Det var likevel Norborg som fann vegen til nettmaskene først då Fredrik Hurlen sitt innlegg fann spissmakker Magnus Austbø Seth som putta frå 6 meter. Norborg kunne dermed gå til pause med eit litt heldig 1-0 resultat.

2. omgang starta roleg der ingen av laga greidde å tilrive seg initiativet. Så stakk Norborg igjen nok ein gong med sin juvel Magnus Austbø Seth. Denne gong fekk han ein strålande stikkar i bakrom av Ådne Hellandsvik. Seth trengte ikkje å skru på turboen for å springe frå gjesteforsvaret å score åleine med keeper Nystøl. Med 2-0, og eit Norborg-lag som berre har eit mål i mot i 2. omgang på dei fem første kampane, så trudde dei fleste på siger. Rollon ville det annleis.

Berre to minutt seinare fekk Daniel Gjerde vende opp på 10 meter å prikke inn reduseringa. Fem minutt seinare vart Kenneth Diallo felt og Andreas Blindheim kunne med si sikre straffe utlikne til 2-2. Rollon hadde momentum i spelet mot eit Norborg-lag som sleit med å finne rytme og posisjon. Rollon ville mest, og i det klokka passerte 90 minutt så rota dei bort ein gigantisk sjanse til å sette inn sitt tredje mål. Norborg slapp med skrekken, gjekk i angrep og vart truleg snytt for straffe då Per-Stian Alvestad vart dratt i bakken innafor 16 meteren. Dommaren ville ikkje gå med på det og Norborg fekk ikkje sjansen til å røve Rollon for det eine poenget. Dermed vart det 2-2 i ein kamp som først og fremst blir huska for ein heil haug med offsideavblåsningar.

Norborg vart kjempa ut av stilen i denne kampen av eit godt Rollon-lag og kan seie seg nøgd med eitt poeng slik kampen utvikla seg. Neste kamp er borte mot Skarbøvik/Hessa torsdag 6. juni kl. 1830.

Laget: Benjamin Rørhus – Jesper Vos, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Emil Solnørdal – Ole Johan Urke (Per Kristian Grytten Søvik, 62) (Siver Davik, 74), Gard Rogne, Kristian Halvorsen, Ådne Hellandsvik – Magnus Austbø Seth, Fredrik Hurlen (Kristoffer Søviknes, 62) (Per-Stian Alvestad, 86).

Dommar: Martin Javier Solheim (Emblem)
Assistentar: Kristoffer Nevstad (Aksla) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)