Bortekamp mot Emblem torsdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag turen til Ebbemyra for å møte formlaget Emblem. Heimelaget har den siste veka hatt fine dagar på Ytre-Søre med 9-3 samanlagt over Larsnes/Gursken og Hødd2. Det ligg dermed an til ei spennande utfordring for Norborg, som naturleg nok ikkje vil ha med seg A-lagsspelarar frå Brattvåg sidan dei er inne i ei tøff periode med eit surt 1-2 tap eeo. for Kristiansund i kveld, og kamp mot den gamle storklubben Fredrikstad på laurdag. Likevel, gutane med treningskvardag i Uggedalen viste sist veke at ein kan spele jamt med dei beste i 4. divisjon då det vart 1-1 mot Valder.

Vi har i skrivande stund ikkje fått troppen, men håper nokre av dei som har hatt sjukdom den siste tida er tilbake. Både Gard Rogne, Ruben Holmeset og Marius Fylling Rogne har vore ute med sjukdom, medan Ole Johan Urke måtte gi seg like før kampstart sist.

Emblem har med tre strake sigrar krabba seg opp på ein 3. plass på tabellen. Det føles nok godt for Sindre Knutsen og co. som vart spådd ein tung sesong. Dei 11 måla laget har scora er det tre spelarar som har stått for. Damian Alin-Constantin er toppscorar med 5 mål. Det er to meir enn Marcus Steffensen og Sondre Hamnøy. Vi legg elles merke til at den tidlegare Norborg-spelaren Marius Finstad Austnes har tatt plass på Emblem si midtbane.

Emblem er det laget Norborg har møtt flest gongar av laga i 4. divisjon. Laga møttest allereie Norborg sin debutsesong tilbake i 1968. Dette blir det 29. møtet mellom laga. Det er berre Godøy (51) og Ravn (41) ein har møtt fleire gongar i seriespel. Vi har ikkje alle resultata mot Emblem, men av dei vi har så er kampstatistikken 10 sigrar til Norborg, 9 til Emblem og 4 uavgjorte. Begge lag har scora 60 mål.

Dommar: Kristoffer Nevstad (Aksla)
Assistentar: Ane Serine Dimmen (Volda) og Oddbjørn Aam (Åmdal)

Andre kampar (fredag):
Valder – Bergsøy – Spennande toppoppgjer på Valdervoll. Vi trur Valder med sine raske angriparar kan gi opprykksfavoritten hard kamp, men til slutt vil nok poenga bli med heim til Fosnavåg. B.
SIF/Hessa – Hareid – To lag som ligg like over nedrykksstreken med sine tre poeng. Heimelaget står med tre strake tap, medan Hareid stort sett berre spelar uavgjort. Vi trur heimelaget ristar av seg tapa og tek ein knepen siger over divisjonens uavgjortspesialist. H.
Blindheim – Volda –  Rundas topp mot botn. Blindheim har fått eit tøft møte med 4. divisjon og det vil ikkje betre seg mot grøntrøyene. B.
Rollon – Larsnes/Gursken – Rollon har uventa få poeng (5) og må vinne denne kampen for å halde følge med topplaga. Bortelaget står med null poeng på fire kampar. Det hadde ikkje vore noko bombe om det ikkje var for alle signeringane like før seriestart. Vi trur Gulars vil starte å plukke poeng snart, men ikkje i denne kampen. H.
Ørsta – Hødd2 (måndag) – Ørsta fekk bank av Volda sist og vil nok gi alt for å rette opp inntrykket når Hødd sine nest beste kjem på besøk. Hødd2 rakna i sluttminutta sist mot Emblem, og har også eit A-lag som har eit tøft kampprogram for tida. Vi trur Ørsta har nok kvalitet til å vinne denne kampen. H.