Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 2-1 (2-0)
4. divisjon, Havila Stadion Fosnavåg, 10.05.2019
Sjansar: 7-6
Avslutningar på mål: 5-5
Avslutningar utanfor: 6-6
Blokkerte avslutningar: 0-3
Cornere: 3-3
1-0 Daniel Kvalsvik (26)
2-0 Sjølvmål (30)
2-1 Magnus Austbø Seth (56)
Laga hadde kvar sin omgang på flotte Havila stadion i Fosnavåg. Bergsøy leia fortent til pause, medan Norborg kom sterkt etter kvila og føler seg snytt for poeng etter at Patrik Hjelmseth sette ballen i nota til det alle trudde var 2-2, for så å bli avvinka for offside. Endå meir fortviling vart det då same mann vart vist sitt andre gule kort og dermed raudt for sin spontanreaksjon då han skjønte målet vart annullert. Norborg var nær utlikning i sluttminutta, men måtte gå av bana med tap for første gong sidan mai 2018.
I dag reiser vi skuffa heim over at vi ikkje får med oss noko ut av denne kampen, men samstundes nøgd med måten vi gjennomfører store deler av kampen. Vi trykker Bergsøy gjennom heile 2. omgang, sjølv med ein mann mindre så er vi det beste laget på bana. Vi får ta med oss opplevinga heim og fortsette jakta på poeng neste uke, sa trenar Kristian Søviknes.
Heimelaget og opprykksfavoritt Bergsøy hadde tydeleg respekt for laget dei har banka mang ein gong på eige gras. Dei gjekk nemleg uvant defensivt ut og nekta Norborg bakrom. Det vart dermed stillingskrig fram til 1-0 kom litt over midtvegs i omgangen. Målet kom etter at Franjo Tepuric fekk ein ball i bakrom og storma mot mål, men ein hardt pressa Tepuric greidde ikkje å overliste keeper Da Silva. Returen fann etter kvart vegen til Daniel Jøsok Kvalsvik som limte ballen i vinkelen frå 18 meter. Bergsøy kom no inn i sin beste periode av kampen, men måtte ha hjelp for å doble leiinga. Ein uheldig Kjell Terje Brusdal gjekk opp for å klarere eit oppspel, men mangla ein centimeter og ballen vart stussa over eigen keeper og i nota. Bergsøy var også nær eit tredje mål før Norborg fekk samla seg inn mot pause.
Norborg kunne ikkje seie seg nøgd med prestasjonen i 1. omgang der ein hadde strekk i laget og mangla rytme i angrepet. Eit par farlege dødballar og eit godt angrep der Patrik Hjelmseth kom rundt på kanten og fann Gard Rogne framfor mål var behaldninga. Rogne si avslutning var for øvreg blokkert til corner.
Etter pause fekk vi sjå eit heilt anna lag frå Haram. Ein la om litt på formasjonen og opptrådde langt meir samla. Allereie i opningsminuttet fekk Magnus Austbø Seth sjansen, men avslutta unormalt svakt midt på keeper. Ti minutt seinare fann så Seth vegen til nettmaskene då han putter frå kloss hald. Omgangen tilhøyrde Norborg og dei fleste på stadion trudde utlikninga var eit faktum då Niklas Rekdal sitt innlegg vart banka i mål av Patrik Hjelmseth, for så å bli avvinka for offside. Her kan Bergsøy takke assistentdommaren. Hjelmseth vart så vist sitt andre gule kort for protestane og vart dermed vist av bana. Sjølv med ti mann fortsette Norborg å styre kampen. Bergsøy skulle likevel ikkje få halde på overtalet sitt lenge, for så skjedde noko vi ikkje har sett før i lokalfotballen. Thomas Sætre Hauge gjorde først eit ulovleg forsøk på å stoppe Ruben Holmeset si kontring før han klipte han ned. Dommar hadde då sin fulle rett til å vise Hauge gult kort for begge overtrampa og dermed raudt.
I sluttminutta kom Kristoffer Søviknes seg til to gode sjansar, men begge headingane gjekk like utanfor. Dermed kunne Bergsøy juble for tre poeng, medan Norborg/Brattvåg2 måtte reise deppa heim. Likevel, denne omgangen kan Norborg vere stolt av. Det var truleg årsbeste.
Neste kamp for Norborg/Brattvåg2 er mot Valder onsdag 15. mai kl. 1830 i Uggedalen.
Laget: Neydson Da Silva – Nikolai Jensen (Ruben Holmeset, 79), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Patrik Hjelmseth – Gard Rogne, Kristian Halvorsen, Niklas Rekdal (Jesper Vos, 61), Magnus Jenssen (Anders Toven, 57) – Fredrik Hurlen (Kristoffer Søviknes, 57), Magnus Austbø Seth.