Bortekamp mot Blindheim fredag kl. 1830


Norborg/Brattvåg2 møter Blindheim på dagen 1 år etter at oransjetrøyene vann 3-0 i Uggedalen. Den gong hadde Norborg presset på seg sidan Blindheim hadde opna med 9 poeng på 3 kampar, medan Norborg berre stod med 4. Framfor fredagens møte så er rollene snudd. For det første tapte Blindheim sin første kamp medan Norborg vann, og for det andre så går denne kampen på Blindheim stadion med GRATIS inngang. Så her er det berre å ta turen til Blindheim sitt flotte anlegg med tribune under tak.

I fjor vann Norborg 5-2 i tilsvarande møte. Den gong tok det litt tid før maskineriet kom i gong, men det vart etter kvart ein fullt fortent siger. Frå den gong vil Norborg mangle fire spelarar. Henrik Hansen og Vegard Sætre har reist til Spjelkavik, Thomas Aarsund spelar for KIL/Hemne, medan Tarjei Gjerset Urkedal har lagt opp. Trenar Kristian Søviknes ser ikkje på det som noko problem, og seie at desse vil bli erstatta slik at ein stiller med 11 gode spelarar frå start.

Norborg sleit med det offensive i motvinden før pause i serieopninga mot Larsnes/Gursken, men i 2. omgang heva laget seg kraftig snudde 0-1 til 2-1 takka vere to mål av Magnus Austbø Seth. Han trivdes godt mot Blindheim i fjor å scora tre mål på dei to kampane. Han følgde opp med to mål i vinterens treningskamp som Norborg vann 3-2 i Uggedalen. Frå serieopninga vil Norborg få tilbake Marius Fylling Rogne frå skade. Vi trudde Ruben Holmeset skulle få sin sesongdebut, men han har dessverre blitt sjuk.

Blindheim fekk ein vanskeleg start på sesongen då ein tapte 3-0 for SIF/Hessa. Rapportane seie at Blindheim leverte ein svak kamp og kan takke sin keeper Andreas Sæter for at det ikkje vart fleire baklengsmål. Vi ser frå den lagoppstillinga at spelarar som Hans Skovly, Andreas Vartdal og Preben Torvanger mangla frå det dei stilte med i alle fall mot Norborg i fjor haust. Sistnemnde var sjeldan med i fjor, men vi ser han spelte for Blindheim2 mot Valldal i dag, så kanskje han er med på fredag. Spelaren å sjå opp for er Joakim Haugen. I to kampar på rad mot Norborg har han vist fram skotfoten sin. Ikkje la det bli tre.

Vi trur det blir ei tøff batalje mellom dei to nyopprykka laga, så får vi håpe marginane går Norborg sin veg.

Dommar: Ane Serine Dimmen (Volda)
Assistentar: Daniel Refsnes (Herd) og Kim Svensson (Aksla)

Dette er det 11. seriemøtet mellom Blindheim og Norborg. På dei ti første har Norborg vunne 6 mot Blindheim sine 4. Målskilnad: 35-22 i Norborg sin favør.